Kulturminister Linda Hofstad Helleland vil løyva ein million kroner til eit nytt utviklingsprogram for kordirigentar på statsbudsjettet for neste år.

NPK
NPK

Det fortel Vårt Land. Meldinga er godt nytt for Norges Korforbund.

– Dette er ei kjempegod nyheit, særleg på breiddefronten er det behov for å styrkja kompetansen blant kordirigentane. Koralliansen har allereie utvikla eit standardkurs for dirigentar, no kan vi setja i gang, seier generalsekretær Åsmund Mæhle i Norges Korforbund til avisa.

Mæhle legg til at korforbundet i tillegg ser for seg ei stipendordning for dirigentar som vil ta høgskuleutdanning og at dei også vil ha ei mentorordning for kordirigentar.

Kulturdepartementet har også utarbeidd ein strategiplan for korutvikling. Generalsekretæren i Norges Korforbund meiner det forpliktar.

– Korverksemda i Noreg er omfattande, og vi håpar at det løftet Kor-Noreg har fått gjennom auka støtte dei siste åra, blir ført vidare, seier han.

Kulturministeren, som sjølv har hatt eit nært forhold til kor, meiner kora er viktige for Noreg som kulturnasjon og at dei held høg kvalitet.

– Gjennom den nye planen vil vi synleggjera mangfaldet, og styrkja både topp og breidde, seier ho. (©NPK)

LES OGSÅ: – Statlege tilskot er ikkje løysinga for kulturnæringa

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE