Vil registrera DNA frå alle turistar og innbyggarar

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil krevja DNA frå alle turistar

Kuwait planlegg eit omfattande nytt register som skal innehalde komplett DNA-sekvensering frå alle innbyggarane i landet, skriv Aftenposten og refererer til Washington Post. Målet skal vere å kjempe mot terrorisme og kriminalitet.

Turistar og sesongarbeidarar skal også inkluderast i registeret. Myndigheitene åtvarar med bøter eller fengselsstraff for dei som ikkje vil gi frå seg ein DNA-prøve.

Prosjektet kostar 400 millionar dollar (3,3 milliardar kroner), og skal iverksettast i dei neste månadane.

I Noreg vert informasjon frå ein DNA-prøve lagra om alle kriminelle. I 2008 avgjorde den europeiske menneskerettsdomstolen at å lagre DNA-data frå uskuldige personar var eit brot på rettane deira.