Under animasjonsfilmfestivalen i Volda kjem animasjonsfilmskaparane bak musikkvideoar av Tom Waits, U2 og Motorpsycho.

Janne-Marit Myklebust, Møre-Nytt
Janne-Marit Myklebust, Møre-Nytt

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Gunnar Strøm prøver ikkje å skjule eiga begeistring over neste store animasjonsutstilling i Volda; musikkvideoar. Hit kjem også John Lamb, eit stort namn for dei som har greie på animasjon. Han har mellom anna laga videoen til Tom Waits «For no one», datert tilbake til 1979. Ein «gløymt» film i animasjonsverda, der videoen til A-ha «Take on me» har fått mykje meir merksemd for å vere framsynt med omsyn til animert musikkvideo.

– Men Tom Waits kom seks år før. Og at John Lamb kjem til Volda, det er stort, seier Gunnar Strøm, som også står bak forordet i ei rykande fersk bok av John Lamb, som nettopp handlar om denne musikkvideoen.

Originale teikningar frå filmen vil verte utstilt, og dei opnar også for sal av teikningane.

Utstillinga opnar i Hamnegata 10 i Volda sentrum, i samband med Animasjonsfilmfestivalen som startar torsdag.

– Men det skal handle om mykje meir enn berre Tom Waits, lovar Dave King og Andres Mänd, begge lærarar i animasjon ved Høgskulen i Volda.

Dei har sjølv fått prisar for sine arbeid. Mänd vann prisen for årets musikkvideo i 1996 for ein film han laga for Motorpsycho. King vann MTV-pris for beste europeiske musikkvideo for filmen han gjorde for U2, også i 1996.

Saka held fram under videoane, men først:

Sjå filmen Andres Mänd laga til «Manmower» av Motorpsycho:

 Sjå filmen Dave King laga til «Hold me, kill me, kiss me, thrill me» av U2: 

– Begge desse filmane vil også vere representert på utstillinga. Vi har fem-seks filmar som vi alle kan linke til Volda på eitt eller anna vis og om vil vere ein del av utstillinga. Det er både kult og eksotisk, vurderer King.

Nyleg huka Høgskulen i Volda tak i Peter Lord til å undervise. Ein mann som mellom anna står bak storproduksjonar som Sauen Shaun og Wallace og Gromit.

– Vi har eit topp internasjonalt nivå på animasjonsutdanninga i Volda. Det går gjetord.

Grunnen til at det er slik er at Volda representerer noko eksotisk. Vi har viktige og dyktige folk her. Dei tenner på at Volda er som det er. Det er ingen storby. Her er fjord og fjell og ferje. Vi er spennande og rare, og vi har ei framifrå animasjonsutdanning. Det trekkjer kloke folk, seier Gunnar Strøm.

Førebuingane til utstillinga er godt i gang. Bilde skal på veggene og filmar skal lagast klar til vising på skjerm. Mykje har endra seg sidan den spede starten på musikkvideoane, og teknologien og metodane er meir og meir avanserte. Men ein ting er likt, og vil alltid vere det.

– Musikk og animasjon går hand i hand. Det vil vi fronte og vise fram her, seier Dave King.

Og ikkje minst. Kos deg med ein repetisjon av «Take on me» med A-ha:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

Kommentarar

ANNONSE