Kvardagsanarki

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Dag og Tid.

Det er sommar i Hardanger. Ein turist skal ta bussen til Bergen. Bussjåføren informerer om at ein lyt betala kontant. Sjølv om det står kort­automat i bussen, gjeld denne berre for delar av strekninga, den Telemark Bilruter administrerer. Turisten har ikkje peng­ar på seg, og sjåføren viftar han ut. Neste veke skjer det same, men denne gongen lèt bussjåføren (ny ein) turisten (ny ein) sitja på til byen likevel. Den fyrste sjåføren følgde reglane til Skyss, den andre gjorde ikkje. Kven gjorde verda til ein betre plass? Jau då, det er sett på spissen, men du ser teikninga. Som når du bur på hotell og dei lèt deg sova frampå utan å hiva deg ut klokka 11, sjølv om dei kan. Eller når du har levert ei bok på biblioteket og akkurat når tak i parkeringsvakta og ho lèt deg sleppa bot, sjølv om du stod feil. Klart du skjønar at det finst reglar å halda seg til, dei er der av ein grunn. Men det er skilnad på rigid regelrytteri og harmlaus, sunn fornuft.

Ein pakke kom i oppkrav frå USA med melding i posten om at han måtte hentast innan to veker. Dette var på sommaren, og han som fekk pakken tilsend, var på ferie. Etter to veker sender Posten uavhenta post tilbake til avsendar, som også laut betala returporto. Prisen for dette og å senda på nytt kosta avsendaren i USA 1200 kroner. Hadde det gjort nokon noko å sjå gjennom fingrane med regelen og late pakken liggja eit par veker til?

På butikken manglar ein kunde nokre kroner. Kassamannen seier at kunden må leggja tilbake ei vare eller han seier pytt, det er ikkje så farleg. Kva for ei av desse handlingane vil du seia var rausast? Og kven tek skade av ubalansen i kassaoppgjeret til sjuande og sist? Det er vel og bra å vera lovlydig og ha regelverk som syter for at folk ikkje kjem til skade eller skader andre, men den firkanta haldninga både enkelte utøvarar og enkelte regelmakarar har, kunne trunge ei lita avrunding. Det er framleis lov å tenkja sjølv.
Ein liten dose anarki hadde gagna mange. Thorbjørn Egner skreiv Kardemomme-lova omtrent på same tid som forskinga til psykologen Stanley Milgram kåra oss til det mest konforme folket i verda. Ironien lenge leve. Og for øvrig kan du gjera som du vil.

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast skribent i Dag og Tid.