Framtida.no får 75.000 kroner i støtte til artikkelserie om ny teknologi, filosofi og etikk.

mm

Kan robotar utvikla intelligens, og kan maskinar bli medvitne? Kan ei drone vera ein handlande part i krig? Korleis skal me oppføra oss mot virtuelle personar i spel og dataprogram? Kva er det eigentleg som gjer mennesket spesielt? Det er nokre av spørsmåla som Framtida.no skal utforska i ein ny artikkelserie seinare i haust.

– Målet er å gi lesarane innsikt i korleis teknologiske nyvinningar utfordrar vante etiske og filosofiske førestillingar. Me vil starta diskusjonar om korleis me skal omgåast med teknologien som endrar den moralske omverda vår, fortel journalist Runar B. Mæland i Framtida.no.

Saman med Åsmund H. Eikenes har han ansvar for satsinga.

– Den teknologiske utviklinga stormar framover, og får allereie no konsekvensar for liva våre. Det viktig at vi som forskingsjournalistar bidreg til å gjere kunnskapen tilgjengeleg for eit allment publikum, legg Eikenes til.

Utvidar redaksjonen
Mæland byrja som journalist i Framtida.no i sommar, medan Eikenes tok til 12. september. Begge er tilsett i engasjement som forskingsjournalistar etter at Framtida.no tidlegare fekk tilsegn om prosjektstøtte frå Vinjefondet ut mai 2017.

Runar B. Mæland har ein master i filosofi ved Universitetet i Oslo og har jobba som journalist blant anna i Universitas og som sommarvikar i avisa Sunnhordland. Mæland kjem frå Stord.

Åsmund H. Eikenes frå Leikanger har ein doktorgrad innan cellebiologi ved Universitetet i Oslo, og har òg jobba som forskingformidlar og rådgjevar. Sist veke gav han ut Handboka – alt du vil vite om hendene dine – og litt til på Samlaget.

Framtida.no har no tre journalistar i Oslo, og redaktør Svein Olav B. Langåker på Stord. Journalist Elise Løvereide i Bergen er òg med i redaksjonen gjennom eit engasjement for Magasinett.

I tillegg har både Magasinett og Framtida.no knyta til seg fleire skribentar frå forskjellige stader i landet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE