Rekordbesøk til Ulvik Poesifestival
Over 4.600 festivalgjester opplevde lyrikk under Poesifestivalen i heimbygda til Olav H. Hauge i helga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er svært gledeleg å sjå at interessa for poesi er så stor, og at publikum står i kø for å høyre og oppleve lyrikk, seier Geir Netland, dagleg leiar for Hauge-senteret og Poesifestivalen.
Temat for i år var «Lengt». Gjennom 30 programpostar på ulike arenaer tok Poesifestivalen i bruk heile bygda for å løfte frå mangfaldet i lyrikken. 24 poetar las lyrikk og deltok i litterære samtalar.
Dei prislønte forfattarane Pia Tafdrup frå Danmark, Gyrðir Elíasson frå Island og den samisk/finske multikunstnaren Niilas Holmberg presenterer lyrikk på fleire nordiske språk. Poesifestivalen markerte også at Lars Saabye Christensen feira 40 år som poet og forfattar.
Ulvik Poesifestival blir arrangert av Olav H. Hauge-senteret som er ein del av Nynorsk kultursentrum. (©NPK)