Lien fjernar bakdør til oljeboring i Lofoten

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Olje- og energiminister Tord Lien (Frp) snur og gir likevel ikkje oljeselskapa høve til å nominere blokker i dei omstridde havområda utanfor Lofoten og Møre i den 24. konsesjonsrunden.

Det vart bråk da bransjenettstaden Upstream onsdag melde at havområda utanfor Lofoten og Møre er del av den såkalla nominasjonsprosessen i den 24. konsesjonsrunden.

Venstre skulda olje- og energiministeren for å bryte samarbeidsavtalen mellom regjeringa og samarbeidspartia, og Natur og Ungdom og resten av miljørørsla karakteriserte saka som ei «krigserklæring» og ei «snikopning».

Torsdag opplyste departementet at dei har presisert overfor oljeselskapa at dei ikkje lenger ønskjer å ta imot nominasjonar på desse blokkene.