Snart 70 år gamle Hans Sande trur ikkje det vert lettare å vera mann, når dei både skal vera mjuke og maskuline.

– Det skal vera noko anna enn det ein har lese før. Noko som grip deg, anten med humor, at det er noko sprøtt, noko som er nært, eller noko som er skarpt og politisk, svarar Hans Sande, på spørsmål om kva god poesi skal vera.

Framtida.no når vestlandsforfattaren på telefon heime på Sandvoll i Kvinnherad.

I desse dagar lanserer den snart 70 år gamle forfattaren diktsamlinga Skogkyss på Gyldendal forlag. Det har vorte eit langt og variert forfattarskap sidan han i 1969 fekk Tarjei Vesaas’  debutantpris for diktsamlinga Strime.

Etter alle desse åra og fjorårets diktsamling Kunsten å somle, må han framleis øva seg på å slappa av. 

På spørsmål om kvar han hentar inspirasjonen frå plar han sitera forfattarkollega Britt Karin Larsen, som har gjort suksess med Finnskog-serien: «Problemet er ikkje å få inspirasjon, men å unngå å få inspirasjon».

– Kunsten er å ikkje veta kva ein vil. Mange er for opptekne av å prestera, skriva for at folk skal lese og lovprise dei. Ein må heller skrive for å leike og leite seg fram, rår Sande, som i tillegg til å skriva mykje sjølv, har halde skrivekurs.

LES OGSÅ: Når Vemmelege vers av Roald Dahl kjem ut i nynorsk gjendikting, er det med twerking og nettdating.

Geriljabroderi
I diktsamlinga Skogkyss ser ein resultatet av at han har gitt seg i kast med geriljabroderi, ei rørsle som likar å sjokkera med kontrasten mellom ukvemsord og tradisjonelle broderi.

– I min oppvekst hugsar eg slike pene pyntelege broderi, det var kvinnfolk som broderte bibelord. Så var det kvinnfolk – og nokre mannfolk – som byrja å brodera slike frekke ord, seier Sande, som forklarar at rørsla kom til Noreg etter å først ha vorte til i det store utland.

I tillegg til eit langt yrkesliv som lege innan psykiatrien og over femti bøker for barn, ungdom og vaksne, har Sande drive med både biletkunst og skulptur. Vegen var difor ikkje så veldig lang til dei broderte dikta som «Handyman».

– Det eg har opplevd av å vere i lag med kvinnfolk, er at alle kvinner vil ha ein handyman. Det er ei forventning om at du skal kunne alt, frå snikring, til støyping av mur og å leggja fliser. Det er ei endelaus rekkje av ting ein skal kunna. Det er jo kjekt, men det er òg eit press. Det er heller ikkje alle som eignar seg til slikt, og då vert det eit nederlag for nokre, seier Sande, som ikkje trur det vert noko betre med ei mannsrolle i endring

– Eg trur det heller vert verande slik at ein skal takla båe deler: Både trilla barnevogn, skifta bleier og vera ein god far og mjuk partner, samstundes som ein skal ha desse maskuline eigenskapane.

LES OGSÅ: Hypnose gav Linnéa Myhre idé til ny roman.

Dauden
I Skogkyss har Sande freista å famna om både det nære og personlege, men og dei store tinga; som menneska på jorda og vårt forhold til naturen. Diktet «Hardangersaum» tek føre seg korleis vi fjernar «den kvite gamle duken vi kallar Folgefonno», og «Varsel» handlar om at det gjekk ut bod frå kråketinget på Skorpo om at «alt levande skulle halde seg langt unna menneska».

Det handlar om livet og naturen – og motsetjingane.

– Det blir ein del tankar om aldring og dauding, medgjev Sande, som ikkje er redd for å bruka ordet, sjølv om nære slektningar har sagt at ein ikkje bør seia daudom folk.

– Mange er for redd for å snakka om dauden. Men eg meiner at me bør snakka om det og bruka desse orda. Ein må venna seg til å tenkja litt på dauden kvar dag, seier Sande, som avviser at han har vore ein «svart dødsgrublar».

– Men eg likar å tenkja på det som er mørkt og skriva om det. Det gjer berre godt. Det ligg eit lys i mørkret. I staden for å knipe att augo og munnen, avsluttar Sande.

LES OGSÅ: Tore Renberg kjem med ny roman – på nynorsk!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE