Elise Løvereide
Elise Løvereide

Måndag 5. september blir boka «Dronninga kallar» utgjeve, og er Kaldestad og Kramer sitt andre felles bokprosjekt. Kaldestad har skrive fleire bøker tidlegare, medan Kramer er ein illustratør med lang fartstid og undervisar på Kunsthøgskulen i Bergen.

– Ideen byrja med at eg var på besøk hjå Hilde og mannen hennar, som er birøktar. Når du opnar lokket til bikuben, kjem tusenvis av bier opp og vil helse på deg. Det var noko fascinerande ved dei, seier Kaldestad, som til vanleg er svært oppteken av natur og dyreliv.

På same tid skulle sonen hans, Åsmund, delta i ei operaoppsetting, Nabucco, skrive av den italienske komponisten Giuseppe Verdi. Operaen har både solistar og kor, der solistane ropar på koret, og koret svarar. Akkurat det same skjer hjå biene: Dronninga kallar på sine undersåttar, og dei svarar.

LES OGSÅ: Biene dansar for å kommunisere 

Noko er gale
Men i historia til «Dronninga kallar», opplever Dronninga at sjølv om arbeidarane svarar, verkar dei slitne og sjuke. Somme av dei døyr. Dronninga blir uroleg, og redd for at noko er gale. Vidare drøymer Dronninga om det bekymringslause livet tilbake til då ho blei fødd. No er livet annleis – kva er det som har skjedd?

Gjennom livlege illustrasjonar av karakteristiske bier, blir vi ønskt velkomen inn i eit liv som bie, og dei farane som trugar.

– Vi ville formidle og framstille eit bieliv for barna. Biedauden gjev grunn til uro, men det var ikkje den største drivkrafta bak boka, seier Hilde Kramer.

Ho skildrar bier som intelligente og samansette skapningar, såkalla superorganismar. Sjølv har ho 30 bikubar i hagen.

– Det som fascinerer meg med biene, er fellesskapet deira, som kan minne om eit stammesamfunn. Dronninga er avhengig av arbeidarane, men dei er også avhengig av henne, seier Kramer.

– Ikkje drep insekta!
Som i dei fleste barnebøker, er det ein positiv slutt, men Kaldestad understrekar at han ikkje nødvendigvis er endeleg.

– Det er opp til lesarane om dei meiner det er ein lykkeleg slutt eller ikkje. Sjølv om boka er fiksjon, så er det mykje fakta gjennom forteljinga, seier Kaldestad.

Med det håpar han at også foreldre og lærarar vil bruke boka, og at dei til liks med barna vil lære meir om bienes spennande liv. Samstundes kan ein skimte litt samfunnskritikk:

– Sjølv om det er ulovleg å bruke sprøytemiddel på plantane på dagtid, blir dette gjort fleire stadar likevel. Dermed aner biene fare, og må kome seg unna. Det skal lite til for å øydeleggje bieverda, seier Kramer.

Og bier er heilt vesentlege for jorda ved å bestøve blomane.

– Sjølv om veps og bier kan vere irriterande, bør ein ikkje drepe dei. Årsaka til at dei er så aggressive no i august, er at dei er meir svoltne, seier Kramer, og viser til at det er færre pollenkjelder om hausten.

 
Hilde Kramer med birøktarutstyr. Foto: Marek Woloszyn 

Mange trugslar mot bier
Siri-Christine Seehuus er ekspert på bier, som førsteamanuensis i Natur, miljø og helse ved Dronning Mauds Minne Høgskule i Trondheim. Ho meiner trugslane mot biene er samansett.

– Bier er sosiale, og må takast vare på som om dei var husdyr. Den største trugselen mot biene er dårleg stell av birøktar, sjukdom og svolt. Dei fleste sjukdommane kan stort sett unngåast ved godt stell og sjukdomshandsaming. Det verste stoffet mot bier i sprøytemiddel, neonicotinider, er forbode i Noreg, og er difor ikkje eit stort problem her, seier Seehuus.

Sølv om trugslane mot biene er mange, er det likevel overlevingsevna til flokken som er det sentrale i boka – i tillegg til bienes fantastiske liv og eigenskapar.

– Ein skal kunne identifisere seg med dyr
For Kaldestad og Kramer har noko av det viktigaste vore at ein skal kunne identifisere seg med dyr, og at dette vil skape forståing og omsorg for biene.

For illustratøren var det viktig at ho ikkje teikna noko som ikkje er rett.

– Eg ville teikne alle biene med individuelle trekk, og vi måtte lese mykje om bier før vi byrja på boka, fortel ho.

Kaldestad fell raskt for Kramer sine bie-illustrasjonar.

– Årsaka til at vi jobbar så godt i lag, er at vi begge er opptekne av rytme og klang i tekst og bilete. I tillegg jobbar vi tett utan å overstyre kvarandre, seier han.

Fem år etter ideen først kom, blir «Dronninga kallar» no lansert 5. september. På Litteraturhuset i Bergen vil forfattarane vise bilete og fortelje om boka, som er utgjeven av Cappelen Damm.

 
– Sjølv om eg har hatt bikubar på tomta i fleire år, får eg sjeldan stikk. Dei stikk berre om dei kjenner seg truga, seier Hilde Kramer. Dei siste to åra har ho teikna bier til boka «Dronninga kallar», som blir utgjeve denne månaden. Foto: Marek Woloszyn


Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE