nLink frå Sogndal trur robotar om få år vil ta over grovarbeidet i byggebransjen.

Halvor Farsund Storvik, Porten.no
Halvor Farsund Storvik, Porten.no

Først publisert på Porten.no.

Sogndal: No har dei kome gjennom nålauget som kan ta draumen eitt steg vidare.

For saman med ei rekkje store aktørar har vesle nLink frå Sogndal fått del i ein pott på førti EU-millionar til å utvikle ein byggjerobot. Det skal dei gjere saman men fleire kjende namn i bransjen, som Fraunhofer, Technische Universität München (TUM) og Tecnalia.

Det var nettsida Shifter.no som fortalde nyhenda i går.

I første omgang skal roboten nyttast til å montere fasadeelement som vindauge og veggar på store bygningar. Men på sikt ser utviklarane føre seg at den skal ta på seg langt meir varierte arbeidsoppgåver.

– For oss er dette stort. Vi har prøvd fleire gongar å søke på EU-prosjekt. Men det er ekstremt stor konkurranse i Europa og vi har fått avslag fleire gongar før, seier Konrad Fagertun, forretningsutviklar i nLink og ein av grunnleggjarane.

Les også: Her kjem innovasjonsbygget til Sogndal Fotball

Satsar i utlandet
Fagertun seier det mange som skal dele æra for at prosjektet kom gjennom nålauget. Og like mange som skal dele pengane. Men for eit lite og nystarta selskap betyr det mykje, ikkje minst å få samarbeide med internasjonale aktørar.

NLink og boreroboten

TIDLEG UTE: nLink har allereie ein robot ute på marknaden. Den borer hol i betongtak på byggjeplassar, medan handtverkaren berre kan stå og sjå på. Foto: nLink.

– Vi kan tilsette fleire med større tryggleik og får fleire bein å stå på. I tillegg knyt vi verdifulle kontaktar internasjonalt. Vi er allereie nummer èin på robotikk i byggebransjen i verda, då vi er ein av dei første med eit produkt på marknaden. Den posisjonen ønskjer vi å halde på, seier Fagertun.

Les også: Internasjonal interesse for Eldegard-hudpleie

Produktet han snakkar om er ein robot dei allereie har lansert, ein robot som borer hol i betongtak på byggjeplassar. Nyleg demonstrerte dei roboten i Hongkong og Danmark, dei første demoane dei har hatt i utlandet.

– Der møtte vi stor interesse. Men det krev meir utvikling og jobbing før den kan sendastt ut til resten av verda, seier Fagertun.

Banar veg for robotane
Utover hausten har dei fått fleire oppdrag. Det første går dei i gong med allereie på måndag. Då skal dei gjere borejobben for entreprenøren Kruse Smith, som er ein av leverandørane til byggjinga av Arkivenes hus i Stavanger.

– Det blir vår største jobb hittil, og ikkje minst viktig for å dokumentere den effekten roboten har, seier Fagertun.

Les også: Vér rask om du vil på etablerarkurs

For om dei sjølve er overbeviste, er det ikkje alltid like lett å få andre til å tru på ei framtid der robotane regjerer. Difor har dei singla ut dei største og mest innovative aktørane, som tør å bane veg for andre, når dei vel samarbeidspartnarar.

I første omgang har dei konsentrert seg om å ta dei verste jobbane. Dei ingen har lyst til å gjere. Dei som er tunge, kjedelege, eller farlege. Men det er berre byrjinga, trur Fagertun.

– Det er ingen tvil om at robotar i framtida kjem til å hente material, bringe det til riktig plass og montere det på eigenhand. Det kjem vi alle til å oppleve, seier han.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

Kommentarar

ANNONSE