Stal dinosaurbein i Ørsta
Den omreisande utstillinga Dinoworld Norge var på besøk i Ørsta i helga. Det gjekk ikkje heilt etter planen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den 17 meter lange dinosauren Diplodocus vart nemleg fråstolen eitt av fire bein i Ørsta, melder Dagbladet.
– Det er eit ganske stort bein, så det er ikkje akkurat noko du tek med deg og spring, seier PR-ansvarlig Magnus Winther i Dinoworld Norge til Dagbladet.
Dinoworld stiller ut mange forskjellige dinosaurfigurar laga i glasfiber. Tjuveriet er førebels ikkje meld til politiet, skriv Dagbladet.
Winther seier dei kan forstå humoren i å stele eit dinosaurbein.
– Men for oss er det alvorleg, og det blir ikkje heilt det same for ungane når dinosauren manglar ein fot, seier han til Dagbladet.