Oppgjeret med Gülen-rørsla er legitimt, men burde skje innanfor rettsstaten, meiner Morten Myksvoll.

mm

Seint om kvelden fredag 15. juli, medan ei gruppe frå det tyrkiske militæret er på veg til å gjere statskupp, reiser Morten Myksvoll frå Bergen inn til Istanbul frå flyplassen. Berre 20 minutt etter at bussen hans har køyrt over Bosporos, stenger kuppmakarane bruene, før dei tar kontroll over sentrale Istanbul og Ankara og erklærer kuppet frå statlege nyhendestasjonar. Folket tar til gatene; den regjeringslojale delen av militæret slår tilbake. I kampane som følgjer blir parlamentet bomba, og mange sivile blir drepne.

Trass i Internett-blokaden når president Recep Tayyip Erdoğan ut til folket via FaceTime: Han er i live og sit framleis ved makta. Då kuppforsøket er slått ned, set han straks i verk eit knallhardt oppgjer med kuppmakarane og rørsla han meiner står bak dei.

Myksvoll har rapportert direkte frå den dramatiske utviklinga på Twitter, i intervju og i fleire innlegg på nettstaden Tyrkiskpolitikk.no, som han har drive sidan juni 2014. No nyt han langsame feriedagar i storbyen der Europa og Asia møtest.

Me har prata med Tyrkia-entusiasten om kuppforsøket, reaksjonane etterpå, og livet i Istanbul under det politiske dramaet.

Fare for borgarkrig
– Først: Korleis er stemninga blant folk i Istanbul no?

– Folk verkar svært glade for at kuppforsøket ikkje lukkast, og det har vore feiringar på Taksim-plassen sentralt i Istanbul kvar dag sidan 15. juli. På søndag arrangerte det største opposisjonspartiet anti-kuppdemonstrasjon, og det er den største forsamlinga som har vore der sidan kuppet.

– Du kom til Istanbul like før kuppforsøket starta. Kva tenkte du då du fekk med deg kva som skjedde?

– Min første tanke då eg høyrde at brua var stengt, var «terroralarm», og eg frykta at det var eit uidentifisert fly i lufta. Kvifor ellers skulle ein stenge bruene og rydde luftrommet over byen? At det faktisk var eit kupp på gang kom som eit sjokk. Eg vart redd, for eg visste at viss kuppet lukkast, så ville situasjonen bli svært farleg på bakken, med stor fare for borgarkrig.

Gülen-rørsla
– Kvifor kom dette kuppforsøket no? Kva veit me eigentleg om kven som stod bak og kva dei ville?

– Det virkar meir og meir sannsynleg at den såkalla Gülen-rørsla stod bak, men at det òg var andre med på kuppforsøket. Tidspunktet på kvelden har nok mest å gjere med at kupp-planane vart lekka, og dei måtte framskunde det. Det har vore eit oppgjer mot Gülen-rørsla i to og eit halvt år no, så det kan ha vore eit krampetrekk for å ikkje miste all innflyting.

Myksvoll forklarer at Fethullah Gülen er ein imam som leiar ei sivil, islamistisk rørsle.

– Han preikar om dialog og toleranse, og rørsla driv skular, helseklinikkar, finansinstitusjonar, og mediebedrifter. Det er solsida av historia. Følgjarane hans har òg infiltrert statsapparatet sidan tidleg på 80-talet, men dette akselererte etter at Erdoğan sitt Rettferds- og utviklingsparti (AKP) vann makta i 2002. Då var dei to rørslene allierte.

AKP og gülenistane kjempa ifølgje Myksvoll saman mot «den djupe staten»: den delen av militæret og statsapparatet som var så lojale mot tidlegare regjeringar at dei var truande til å kuppe makta. Sidan festa gülenistane seg som ein ny «djup stat», og forholdet mellom AKP og Gülen surna i perioden 2011-2013.

– Sidan den gong har det vore store utskiftingar av folk i statsapparatet, utan at det stoppa kuppforsøket i å skje.

LES OGSÅ: Kva er det med Erdoğan?

Politisk idyll
– Kvifor mislykkast kuppforsøket, trur du?

– Kuppmakarane tok dei statlege media, men lukkast ikkje i å stenge private kanalar. Samstundes er tyrkarar blitt svært flinke til å omgå sperringar på internett. Då fekk Erdoğan bodskapen sin ut, noko som hadde ei sterk mobiliserande kraft. Samtidig var det ein svært liten del av hæren som deltok i kuppet. Dei lukkast ikkje å få resten av hæren med på si side, rett og slett. 

– Tidlegare kupp har hatt ein meir omfattande prosess, med meir semje i militæret, og dei sivile styresmaktene vart faktisk åtvara formelt. Dette kuppet skjedde i skuggane. 

Etter kuppforsøket har Erdoğan erklært unntakstilstand i landet, titusenar i statsapparatet er blitt sagt opp eller arrestert, og mange mediekanalar er stengt ned. Mange i Vesten har blitt skremt av det knallharde oppgjeret. Ifølgje Myksvoll er også opposisjonen i Tyrkia opptatt av at oppgjeret ikkje må utvikle seg til å bli ei heksejakt på alle som kan ha noko med Gülen å gjere.

– Samtidig har opposisjonen vore knallhard i sin kritikk av den tidlegare alliansen mellom AKP og Gülen, og dei to største opposisjonspartia støttar utleveringskravet mot USA, slik at Fethullah Gülen kan bli straffeforfulgt i Tyrkia. Etter kuppet rår det ein politisk idyll, i det minste på overflata. Kuppet hadde ingen parlamentarisk støtte.

LES OGSÅ: Noreg støttar demokratiet i Tyrkia

Illiberalt demokrati
Myksvoll peikar på at Tyrkia har tatt ei meir autoritær retning dei siste åra. Han meiner likevel det er feil å hevda at landet er på veg til å bli eit diktatur under president Erdoğan.

– Det er i så tilfelle langt unna. Eg vil samanlikne situasjonen no med den som var i åra før AKP vann makta i 2002. Den første perioden til AKP demokratiserte dei Tyrkia ein god del, men mykje av det er no diverre reversert, seier Myksvoll.

Han kallar landet eit «illiberalt demokrati»: dei har eit fleirpartisystem, men er ikkje gode til å ivareta mindretalet sine rettar.

– Når det er sagt, så er det legitimt å ta eit slikt oppgjer med dette Gülen-nettverket, men det burde skjedd innanfor rettsstatens rammer. Eg forstår at det ikkje er så lett, når påtalemakta og dommarbenkane er fylt opp av Gülen-lojalistar. 

Myksvoll er overraska over kor raskt Tyrkia har gått tilbake til ein viss normalsituasjon, og over den internasjonale dekninga.

– Sjølve kuppforsøket verkar gløymt i Noreg og i andre vestlege medium. All fokus er på oppgjeret i ettertid. 

LES OGSÅ: Erdoğan strammar grepet om akademia

– Situasjonen er roleg no
Konspirasjonsteoriar om at Erdoğan sjølv iscenesette kuppforsøket, kallar Myksvoll «tåpelege». Han meiner mange tar for lett på rørsla som synest å stå bak kuppet.

– Eg trur mange slit med å forstå kor alvorleg dette nettverket av gülenistar er, og behovet for eit stort oppgjer, mot fleire enn berre dei som leia kuppet. Eg trur mange har gjort seg opp ei så sterk meining om Erdoğan, medan dei færraste hadde høyrd om Gülen, noko som fører til at ein sympatiserer med sistnevnte.

Myksvoll fortel at han har opphalde seg i Istanbul i motstrid med reiseråd frå Utanriksdepartementet (UD). No meiner han det er trygt å reise til og feriere i Tyrkia, og UD frårådar i dag berre reiser til grenseområdet mot Syria.

– Eg ville ikkje reist ned hit om flyet mitt hadde gått 16. juli, men situasjonen er roleg no. Det er alltid fare for terrorangrep i Tyrkia, men for min eigen del så har eg ikkje latt det påverke så mykje. Det blir eit trist liv viss terroristane skal bestemme kvar me kan reise. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE