I Facebook-gruppa «Hey girl! Oslo» håpar initiativtakar Marielle Frank (26) at alle kan finna minst ei venninne.

– Å gå ut og sitja i ein park var noko av  det eg gledde meg mest til med å flytta til Oslo, men det er ikkje noko kjekt å sitja i ein park åleine, seier Marielle Frank (26).

Framtida.no møter den no oslobaserte trønderen på Solli plass. Med seg har ho sin nye ven, Hilde Ørjansen Vestenfor (27) frå Geilo.

Dei to jentene møttest på ein noko utradisjonell måte.

Hey! VINA
Marielle kom til Oslo-området for kring tre år sidan for å jobba. Ho har ikkje eit stort nettverk i byen og hadde inntrykk av at ho ikkje var åleine om å kjenne seg einsam og sakna venninner å finna på ting med.

Difor starta ho Facebook-gruppa «Hey girl! Oslo». Sidan førre laurdag har over 200 jenter i alderen 18 til 45 + meldt seg inn.

I skrivande stund er ukjente kvinner i full gang med å avtala å møtast for aktivitetar som middag, trening eller jenteklubb.

Synest du opplegget høyres litt ut som Tinder, eller andre sjekkeappar? Det er ikkje tilfeldig. Marielle lot seg nemleg inspirera av Hey! VINA, ein slags sjekkeapp for venninner, som enno ikkje er lansert i Noreg.

LES OGSÅ: Frå dans på lokalet til Tinder

Gutekamp og jentesnakk
26-åringen forhøyrte seg først via appen Jodel om det var fleire jenter som syntest det var vanskeleg å bli kjent med andre jenter då dei var nye i byen og ikkje studerte. Det bekrefta mistankane om at ho ikkje var åleine.

– Det blir vanskelegare å finna plattformar å bli kjent med nye folk. No jobbar eg jo berre, så då blir det dei du møter på jobb eller når du går ut på byen. Folk ser gjerne på deg som desperat når du prøver å bli kjent med nye folk, og ein føler seg jo litt desperat sjølv òg. Men det er ikkje noko gale med meg, eg vil berre vere med på moroa, ler Marielle.

Hilde, som til dagleg jobbar som barneskulelærar, er einig i at det ikkje er lett å få seg venninner i vaksen alder.

– Ofte er det allereie grupperingar, og det er vanskeleg å kome inn i ei jentegruppe, seier 27-åringen, som erfarer at dette kan vere vanskelegare med jenter enn gutar.

Ho får støtte av Marielle, som har gjort seg liknande erfaringar opp gjennom åra.

– Ein seier at gutar sloss og blir vener att, medan jenter baksnakkar resten av livet. Me jenter er ikkje alltid så snille med kvarandre. Me må skjerpa oss. Men no er det over 200 jenter i denne gruppa som vil gjera noko med det.

LES OGSÅ: Kvar femte student er ofte einsam

Tabu å vere einsam
Marielle trur sosiale medium, som Snapchat og Facebook, kan forsterka kjensla av einsemd, fordi ein heile tida ser kva ein går glipp av.

Jentene trur ikkje problemet med einsemd er spesielt for byar, men begge jentene trur at dette er eit typisk norsk problem, fordi me nordmenn ikkje har nokon kultur for til dømes å setja oss ved sida av framande på bussen. Reiser du på backpacking eller berre ein tur til Storbritannia er situasjonen fort ein annan.

Tabuet med å kjenna seg einsam var noko Marielle tok opp i eit Facebook-innlegg der ho fortel om gruppa og inviterer alle jenter til å bli med.

– Når ein kjem i ny by har du liksom ikkje lov å seie at eg har ikkje nokre vener, då blir du sett skikkeleg ned på. Det er ikkje alle som er like opne. Det er ikkje noko kult å vera venelaus, men det kan jo vere mange grunnar til det. Eg har mange vener heime, men det hjelper ikkje meg når eg sit her, seier Marielle, som trur det er mange som sit heime med det same ynsket om å vere sosiale.

– Men kor skal du starta med å spørja folk om me skal bli vener? Sender du melding til ei jente du har møtt ein gong før og spør, er det liksom: «Hæ? Er du heilt desperat?» Så då samla eg ein heil gjeng som er like desperat som meg.

Marielle ler godt.

LES OGSÅ: Du kan maks ha 150 ekte vener på Facebook

Blind date
Men tilbake til det spontane møtet, som starta det heile.

Då ho førre laurdag sat åleine heime og keia seg utan sambuaren tenkte Marielle at det var på tide å gjera noko. Ei ny Jodel-melding vart sendt ut: Var det nokon som sat ufrivillig heime åleine ein laurdagskveld og hadde lyst til å finna på noko?

Familie og vener heimanfrå meinte ho var litt smågal, men fleire ukjente responderte.

Det mest seriøse svaret kom frå jente 27.

– Eg tenkte at: «Endeleg er det fleire i same situasjon». Eg har òg hatt som mål den siste tida at no skal eg pusha meg meir på det sosiale, forklarar Hilde, som syntest Marielle verka seriøs nok til at det var verdt å prøve.

Fest for sju
Saman med nokre andre avtalte dei å møtast på Oslo Mek for ei øl klokka åtte, sjølv om Hilde ikkje kunne kome før ni. Før ho spring ut døra opprettar Marielle Facebook-gruppa, slik at det skal vere lettare å kommunisere.

Marielle må sitja åleine i ein time før Hilde dukkar opp som førstemann. Seinare kjem det fem andre. Dei er heilt ulike personar, som likevel er i ein liknande situasjon og har ein kjempetriveleg kveld saman.

Den utflytta trønderen håpar at «Hey girl! Oslo»-gruppa skal bli så stor, inkluderande og mangfaldig i både alder og interesser at det finst nokon der for alle.

– Du blir ikkje ven med alle. Studentar på 20 har kanskje ikkje så mykje til felles med og kan relatera til tobarnsmødre, men forhåpentlegvis finn folk kvarandre.

Éin ny ven
– Kjem de til å halda kontakten?

Dei ser på kvarandre. Marielle svarar først.

– Ja. Du var veldig lett å snakka med frå byrjinga og det trengs nokon som snakkar for at slike møter skal gå bra, seier Marielle, som får eit bekreftande «ja» frå Hilde.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE