I filmen «Star Trek Beyond» er ein av hovudpersonane, Sulu, homofil. Han får uventa kritikk.

Tidlegare denne veka kom nyheita om at Hikaru Sulu, ein av dei sentrale karakterane i Star Trek-filmane, er opent homofil i «Star Trek Beyond», som har premiere 22. juli i USA. Det skriv blant andre BBC.

Karakteren, som er spelt av John Cho, er ein av dei sentrale medlemmane på skipet Enterprise, i som har vore populær på både TV og kino sidan 1968.

Cho, som også har spelt Suli i dei to førre Star Trek-filmane, har sagt til den australske avisa Herald Sun at det å gjera Sulu-karakteren homofil er eit nikk til skodespelaren George Takei, som spelte Sulu i den originale Star Trek-serien.

Takei er sjølv opent homofil, og har lenge vore ein ivrig talsmann for LHBT-rettar. Men han er ikkje begeistra for at den nye Sulu er homofil.

– Eg er kjempeglad for at det er ein homofil karakter med i Star Trek. Dessverre er det å vri på det Gene Roddenberry skapte, som han la så mykje omtanke i. Det tykkjer eg er veldig uheldig, seier Takei til The Hollywood Reporter.

Gene Roddenberry er mannen som skapte Star Trek.

Her kan du sjå traileren til filmen:

Takei får også svar
Simon Pegg, som også har ein av hovudrollene i filmen, har svart på kritikken til Takei i The Guardian:

– Eg er veldig glad i George Takei, og eg respekterer han. Hjertet, motet og humoren hans er ein inspirasjon. Men når det kjem til Sulu, må eg vera ueinig, seier Pegg, som også har vore med på å skriva manuset til filmen.

– Han har rett i at det er uheldig, men det som er uheldig er at det mest inkluderande og tolerante universet som finst i science fiction ikkje har hatt ein LHBT-karakter før no. Me kunne skrive inn ein ny karakter som er homofil, men han eller ho ville berre vore definert av seksualiteten sin – den "homofile karakteren", legg Pegg til.

Les meir:

Karl Kristian Langeland forsvarer bygda: «Er det verkeleg slik at det berre er i storbyen du som homo kan bade i regnbogen sine fargar? Nei.»

Lingvistar har funne ut at nyare Disney-prinsesser har færre replikkar enn sine mannlege medspelarar, sjølv om dei har hovudrolla.

Snart kjem «Finding Dory», som tek opp suksessen etter «Finding Nemo». Får me då sjå det første lesbiske Disney-paret?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

ANNONSE