Fredric ville røysta på Bernie

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Sjølv om alt tyder på at Hillary Clinton blir kandidaten på den demokratiske sida, har representantane fått høve til å velje mellom demokratane Clinton og Bernie Sanders og republikanaren Donald Trump.

Heile 41 av dei 54 som har svart, ville røysta på Clinton. 11 ville røysta på den meir venstreorienterte Bernie Sanders, som brukar nemninga «demokratisk sosialisme» om politikken han står for.

Fredric Holen Bjørdal (Ap) frå Ørsta er ein av dei som ville røysta på Sanders.

Ein representant ville røysta på Trump: Ulf Leirstein (Frp).

Tidlegare fredag melde Dagbladet at også Oskar Grimstad (Frp) ville røysta på Trump. Dette var ikkje korrekt, og Dagbladet har no retta feilen.

– Trump er ingen politikar, sa Grimstad til lokalavisa Vikebladet, som har omtala saka.

Amerikanarane går til valurnene 8. november. Denne våren har partia valt sine kandidatar gjennom primærval og valmøte.

Les meir:

– Han kan få problem med å trekkja til seg nok av veljarane i midten fordi ein del av meiningane hans er så provoserande og kan verka fråstøytande på moderate veljarar, seier CICERO-forskar Guri Bang, som er ekspert på amerikansk politikk i eit klimaperspektiv.