Are Kalvø: Slik overlever du fotball-EM!

Overlevelsesguide for fotball-hatarar!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I vår endelause serie «Vi gjer akkurat som alle andre som skriv i avisa», bringer vi i dag ein serie med heilt unødvendige artiklar i samband med fotball-EM, artiklar som ikkje handlar om fotball i det heile tatt, og som ikkje seier noko anna enn det absolutt alle klarer å forstå heilt sjølv, men som i det minste fyller opp litt plass.

Overlevelsesguide for fotball-hatarar!

Det er EM! Det er fest. Det er kampar kvar dag i vekesvis. Men det er mange der ute som ikkje kan fordra fotball. Og dei har tunge tider under store mesterskap. Men fortvil ikkje! Her er nokre tips til kva du som er fotball-hatar kan gjere dei neste vekene for å overleve:

Kva med dette: Kan du ikkje berre rett og slett gjere akkurat det same som du gjer resten av året? Viss du klarer å unngå å sjå på fotball trehundreogsekstiein veker i året, så klarer du det sikkert dei vekene det er EM også. Her er nokre ting som ikkje blir vanskeligare å gjere sjølv om det er fotball-EM:

Gå ein tur i fjellet.

Gå ein tur i skogen.

Gå på kino.

Gå på kafé.

Sett deg i ein stol i hagen eller på balkongen eller i nærmaste park.

Les ei bok.

Ta deg ein joggetur.

Mål huset.

Strikk.

Hekl.

Gå på restaurant.

Gå på kunstutstilling.

Gå.

Dette er ærlig talt ikkje så vanskelig.

Middags-tips til fotball-EM!

Det er EM. Det er fest. Det er kampar kvar dag i vekesvis. Mange samlar gode venner rundt tv-en. Men det er nokon der ute som synest det kan bli nok øl og potetgull. Du er kanskje ein av dei? Slike som deg har tunge tider under store mesterskap. Men fortvil ikkje! Det går an å gjere noko med saka. Kvifor ikkje bytte ut grandisen og pottisen med noko litt fjongare? Kvifor ikkje gjere EM-festen til ei kulinarisk oppleving? Eller for i seie det på ein annan måte: Viss du er lei av grandis og pottis, så er det berre å lage noko anna. Det kan ikkje vere så vanskelig. Viss du klarer å ikkje ete grandis trehundreogsekstiein veker i året, så klarer du det sikker no også. Her er nokre tips til kva du kan lage, viss du har litt tungt for det:

Når Spania speler, lag tapas.

Når Sverige speler, lag sild.

Når Island speler, lag eit eller anna som har vore nedgravd i årevis.

Når Sveits speler, lag raclette.

Når Frankrike speler, lag frosk.

Når Ungarn speler, lag gulasj.

Når Italia speler, lag pasta.

Når Russland speler, lag borsj.

Når Nord-Irland speler, lag bråk.

Slik reddar du forholdet under EM!

Det er EM. Det er fest. Det er kampar kvar dag i vekesvis. Kanskje blir du lei av at gubben bere sit framfor tv-en med beina på bordet og klør seg i skrittet og ikkje gjer noko som helst i heimen. Medan du lagar maten og vaskar og steller. Kanskje blir du lei av at han aldri vil at det skal gjere noko saman. Kanskje kjenner du at fotballen betyr meir for han enn for deg? Kanskje lever de kort sagt i eit forhold frå 1953?

Fortvil ikkje! Det går an å gjere noko med saka. Her er nokre tips til kva du kan gjere for å redde forholdet under fotball-EM:

Ikkje lev i eit forhold frå 1953.

Sjå fotball saman.

Ikkje sjå fotball saman.

Ikkje les artiklar av folk som trur andre folk lever i 1953.

Gjer noko anna når partnaren din ser fotball. Du kan for eksempel gå ein tur i fjellet, gå ein tur i skogen, gå på kino, sette deg i hagen, lese ei bok, måle huset eller lære deg å lage raclette.

Sånn. Ferdig. Kan vi konsentrere oss om fotballen no?

Først publisert i Aftenposten 19. juni.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!