Krampaktig familieportrett tek av på Facebook

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Joner laga film med ekskjærasten

– Då Therese ga meg manuset, var det ikkje mykje på stussa over. Dette har ho teke på kornet, konkret og tydelig. Det kunne jo vore sjølvbiografisk. Eg synest kanskje ikkje Téa er så hard som i filmen, men med Therese og meg: Slik var det jo. Ho skreiv eit verkelig flott manus, seier Kristoffer Joner til Bergens Tidende, som ført omtala saka.

Kortfilmen «Krampeaktig» er laga av Gine Therese Grønner og er spilt inn utanfor huset hennar i Bergen.

Den eitt minutt lange filmen vann pris i Minuttfilmkonkurransen 2016, der temaet var krampe.

Filmen vart spelt inn på kort varsel og tok 8 timar med fire personar på sett, før klippinga.

No går det ærlege 17.mai-portrettet sin sigersgang på Facebook.

Med filmen ynskjer Grønner å problematisera glansbiletet som vert framstilt på Facebook.

– Det kan få ein til å stussa over om det er berre er ein sjølv som har litt å stri med i livet, seier regissøren til BT.