Fleire unge sender nakenbilete
Éin av ti unge har sendt nakenbilete av seg sjølv, viser ei undersøking gjort av Medietilsynet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I Medietilsynet si undersøking "Barn og medier 2016" kjem det fram at heile ni prosent av ungdom i alderen 13 til 16 år har sendt nakenbilete av seg sjølv til andre. Det skriv NTB.
2888 barn og 2007 foreldre har vore spurt i undersøkinga. Tema som mobbing, trugslar og seksualitet på nett har deltakarane fått spørsmål om. Det at ni prosent av dei mellom 13 og 16 år har sendt nakenbilete av seg sjølve er ein auke i forhold til tidlegare.
– Særleg 16-16-åringane dreg opp snittet. Det er tydeleg at dei eksperimenterar og deler private bilete av seg sjølv med kjærasten eller ein jente- eller guttevenn, seier Thomas Haugan-Hepsø, seniorrådgjevar i Medietilsynet.
Haugan-Hepsø trur auken kjem av at det blir stadige fleire sosiale plattformar å dele bilete via, slik som til dømes Snapchat.
Meir nettmobbing
Undersøkinga viser også at ein tredel av jentene som har sendt slike bilete, har følt seg pressa til å gjere det.
Også nettmobbinga har auka, skal ein tru dei som deltok i undersøkinga. Sju prosent av deltakarane seier dei har vore utsett for mobbing på vekentleg eller månadleg basis.