Professor meiner pengane kunne bli brukte på andre ting.

NPK
NPK

Professor meiner fleire av folkeavstemmingane om kommunesamanslåing er utan verdi. – Kommunane kunne heller brukt pengane på andre måtar, meiner Asbjørn Røiseland ved Nord universitet.

Røiseland meiner valdeltakinga i nokre kommunar har vore så låg at resultata er ubrukelege som råd til politikarane. I Narvik deltok til dømes éin av ti i avstemminga. Valdeltakinga var på 12,6 prosent. Det er den lågaste oppslutnaden blant dei 93 kommunane som så langt har gjennomført avstemming om kommunesamanslåing.

Låg deltaking
– Det er sørgjeleg lågt. Hadde kommunen visst at det ville bli så få, trur eg dei ville brukt pengane på noko anna, seier Asbjørn Røiseland, som er professor i statsvitskap, til NRK.

I 47 av dei 93 kommunane som har halde folkeavstemming, har deltakinga vore under 50 prosent.

Røiseland har ikkje eit klart svar på kor høg valdeltakinga bør vere, for at ho skal vere eit godt råd.

– Men kanskje ein peikepinn kunne vere folkeavstemminga om EU-medlemskap i 1994. Det var ein situasjon der heile landet var engasjert. Då var oppmøtet på 89 prosent. Kanskje det er det maksimale vi kan tenkje oss. Andre har sagt at 50 prosent held som grense. Men noko fagleg svar på det finst ikkje.

Dominoeffekt
No står om lag 70 folkeavstemmingar att rundt om i landet.

– Eg trur vi kjem til å sjå ein dominoeffekt. No har det vore relativt mange folkeavstemmingar som har enda med eit nei. Det gjer at det blir meir normalt å stemme nei. Derfor trur eg delen neistemmer vil auke framover. Det betyr at denne reforma – som ei frivilligheitsreform – kanskje allereie har havarert, seier professor Asbjørn Røiseland. (©NPK)

LES OGSÅ: Han avviser heilsvart supermåndag

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE