Tobias (29) mista jobben – seglar rundt Nord-Atlanteren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mista jobben – la ut på segltur

Saka var først publisert i vikebladet Vestposten.

I likskap med mange andre blei Tobias Hatløy arbeidslaus då det for alvor byrja å gå trått i oljenæringa i fjor. Han fekk beskjed om at det ikkje var meir jobb til han i FMC i Kongsberg, han fekk sluttpakke og måtte difor sondere terrenget etter noko anna.

– Heldigvis fekk eg tilbod om ei lærarstilling innan friluftsliv ved Molde Folkehøgskole, berre innan ei veke etter at eg slutta i stillinga som ingeniør i FMC. Eg segla båten til Molde, og har jobba der dette skuleåret. Vi har mellom anna vore på studietur til New Zealand. Eg har storkosa meg, seier Tobias.

No går derimot turen vidare for friskusen frå Ulsteinvik og seglbåten «Nebukadnesar». Ikkje til ny plass og ny jobb, men ut på verdshava.

Les også intervju med Samuel Massie, som gjekk frå skuletapar til polfarar.

 
Eg har nytta godt med tid på å førebu meg, så no skal alt vera klart, seier Tobias Hatløy til Vikebladet Vestposten før avreise. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll 

Har segla i fem år
Ein skulle nesten tru at Tobias har segla heile livet, så mykje som han kan fortelje om båtlivet og korleis ein skal te seg på bølgjene. Men, interessa for segling tok ikkje av før for rundt fem år sidan.

– Ein kompis av meg skulle segle frå Trondheim og sørover til Stavanger. Eg blei med og hjelpte han. Då blei det tent ein liten gneiste i meg, og eg byrja å tenkje på å skaffe meg båt sjølv. Første prioritet var å skrape saman nok pengar, og etter kvart fekk eg kjøpt ein båt. Eg byrja som smått å segle, og det var veldig kjekt. Eg fekk skikkeleg meistringskjensle av det, og det vart berre kjekkare og kjekkare, spesielt når eg fekk med meg venar og kjende på tur, seier Tobias smilande.

Han tek med underteikna på ei lita omvising om bord i den 35 fot lange båten, som han også har budd i sidan han kjøpte den i fjor vinter. Han eigde ein annan båt før denne, og har budd i båt dei siste tre åra. Skuta er av typen Hero 107, og blei bygd i 1984 av Eivind Amble.

Om bord har Tobias sengeplass til åtte mann, inkludert han sjølv. Men, med litt kreativ omkalfatring har han fått inn fleire før.

Satellittelefon har han sikra seg. Alle kart han vil kome til å trenge har han skaffa, og han har laga til eit effektivt system på både mat og utstyr i båten. For det er trongt om plassen.

– No er det berre å kaste loss, seier Tobias.

LES OGSÅ: Vegard (21) debuterer i Tall Ship Races


«Nebukadnesar» fortøydd til kai i Ulsteinvik. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll 

«Mjølkeruta»
Torsdag ettermiddag la «Nebukadnesar» frå gjestekaia i Ulsteinvik og starta på turen sørover. Med seg på turen til Oslo har Tobias broren Magnus.

– Eg skal segle den såkalla «Mjølkeruta». Det er nok ein av dei sikrare rutene å ta sjøvegen, då det andre stadar mellom anna finnast piratar. Utanom den vanlege ruta har eg lagt inn nokre utstikkarar, mellom anna til Gambia, der eg har lyst til å segle opp ei diger elv. Så har eg også tenkt meg innom Grønland og Island på veg til Norge neste år. Dette blir heilt sjukt, seier Tobias.

Før han kjem til hovudstaden skal han undersøke Vestlandet nærare, ved å segle inn Sognefjorden, reise innom Fitjar og Øygarden, og inn Lysefjorden til Kjeragbolten. I juni seglar han frå Oslo og ned vestkysten av Sverige. Så dreg han innom København og gjennom Kielkanalen til Amsterdam, gjennom Den engelske kanal, innom Frankrike, og så over Biscayabukta til Portugal. Så seglar han vidare sørover til Marokko, og ut til Tenerife. Frå Tenerife seglar han litt nedover vestsida av det afrikanske kontinentet, til Senegal og Gambia.

Etter eit opphald her seglar han til Kapp Verde og kryssar Atlanteren herifrå. Her siktar han seg inn på Tobago. Ferda elles i Karibia held han litt ope rundt enno, anten det blir inn til Venezuela, eller nordover. Han har uansett eit mål om å vere på Cuba i april neste år. New York skal han nå månaden etter, før turen går til Halifax. I juni vil han vere framme på Grønland.

På siste etappen mot Norge vil han innom Island, og kanskje Færøyane.

I alt 25 vener og familiemedlemmar blir med på ulike etappar av turen, og så mange som 6–7 stykk blir med på enkeltetappar. Ein av dei som skal vere med, ein kamerat frå Molde, skal segle med Tobias i heile seks månadar.

LES OGSÅ: Du treng ikkje reisa jorda rundt. Kva med ein kortreist ekspedisjon?


Tobias har fått på plass alt av tryggleiksutstyr, vatn og anna naudsynt, samt det obligatoriske surfebrettet. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll 

Jobbsøking på båten
Det er tøffe havområde Tobias skal krysse i båten sin, men han har vore borti liknande før.

– Eg fekk elddåpen då eg segla frå Lista til Kirkwall (Skottland), med mykje dårleg vêr. Det blir uansett heilt andre utfordringar no, mellom anna over Biscayabukta og over Atlanteren.

Han satsar på å krysse verdshavet i desember.

– Båten er underrigga, og laga for å tole ein del sjø. Den er robust, og skal tole tøffe påkjenningar. Båten har kryssa Atlanteren to gonger før, og det skal nok gå fint også no. Eg satsar på å krysse i desember, så det blir truleg utanom konvoiane, seier Tobias.

Når han returnerer til Norge neste år har han ingen jobb å gå til. Difor har han tenkt å byrje søkjeprosessen i førevegen, og gjerne under ei av dei siste etappane.

– Det blir nok litt søking. Men, kanskje finn eg ut at segling er livet for meg. Då blir det å finne ut korleis eg skal få til akkurat det, seier Tobias Hatløy til slutt.


I løpet av den eitt år lange reisa skal Tobias innom mange land han ikkje har vore innom endå. 30-årsdagen vil truleg bli feira i Marokko. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll 


Kontrollsentralen i båten med kart og alt av utstyr. Satelittelefon har Tobias også fått på plass. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll