Fekk eksamenspause for å røysta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Røysta midt i eksamen

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Dei hadde eksamen, men fekk fri nokre minutt for å vere med på folkerøystinga om kommunesamanslåing.

For elevane i tiande klasse på Sæbø skule i Ørsta var torsdagen spesiell. Ikkje berre var det avgangseksamen i ungdomsskulen, men dei fekk også vere med på eit val for fyrste gong.

I folkerøystinga om kommunesamanslåing har kommunestyra i Ørsta og Volda vedteke at røysterettsalderen vert senkt frå atten til seksten år. Det vil seie at dei som fyller seksten år i år hadde høve til å vere med på folkerøystinga.

LES OGSÅ: 89 prosent sa nei til stor-kommune med Ålesund

Fortel om nei-stemning
Elevane i avgangsklassa på Sæbø skule stilte alle opp, og var med på valet.

Det er hemmeleg val, og difor skal ikkje elevane spørjast om kva dei røyster. Men dei kan seie litt om stemninga.

– Dei fleste røyster nei, seier elevane i kor.

Les heile saka i Møre-Nytt.