Inn i dei vaksne sine rekkjer

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka vart først publisert på VTB.no.

– Det er litt spennande å vere den einaste konfirmanten i kyrkja, men litt greitt også. Eg trur det heile går litt fortare, men det kjem sjølvsagt an på preika, seier Stine i minuttane før den formelle handlinga står for tur.

– Korleis har dei siste dagane og timane vore?

– Eg har vel eigentleg ikkje vore så nervøs, men heller spent. Men no når det er like før så kjenner eg nervane er der, smiler 15-åringen tappert.

Les også: Til konfirmanten (og resten av verden)

Trening
Det er konfirmasjonslærar Gunstein Seltveit og sokneprest Tor Eivind Erikstein som held konfirmasjonsgudstenesta i Lårdal denne laurdagen. Robertas Lamsodis er organist.

– Bli med i sakristiet så skal me snakke litt om det som skal skje. Me må øve litt på prosesjonen i kyrkja, forklarer Erikstein.

– Og du kan sjølv velje kvar du vil sitje, legg Seltveit til.

Konfirmasjonsdagen er spesiell for dei aller fleste. For Stine er dagen litt ekstra spesiell. Ho har på seg bunaden for fyrste gong. Ein bunad som bestemor hennar brodera før ho så altfor tidleg gjekk bort. Bunaden skulle vere ei gåve til Stine på den store dagen.

Les også: Slik sparar ho fleire tusen på konfirmasjonen

– Det gjer det ekstra spesielt for meg å ha bunaden på meg, og eg er takksam for at eg fekk han, fortel Stine.

– Stine har vore ein flott elev å ha i konfirmasjonsundervisninga. Men no er det slutt mellom oss, skjemta Seltveit i tala.

Heilt slutt er det kanskje ikkje, for Stine har nemleg meldt seg som leiar for neste års konfirmantar.

Les også: Fleire enn åtte av ti konfirmerer seg

Det er 25 konfirmantar i Tokke i år, men altså berre ein i Lårdal kyrkje. I fjor var det to som stod i Lårdal.

– Dei siste dagane har vore lange, og eg har spurt meg sjølv om kvifor dei går så seint. Eg har gledd meg til dagen, og no er eg berre superglad. No skal me heim og feire med god mat og masse kaker, avsluttar den sympatiske Lårdalsjenta.