«Flash mob» for å fremja bonden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne artikkelen vart først publisert på Nordhordaland.no.

Torsdag dukka bondelaga i Nordhordland opp i Knarvik Senter, saman med Hjelmås mannskor som song «Ein bondesong». Medan mannskoret song, delte bøndene ut fårepølsa, cherrytomater og gulrøter.

Les også: Farleg å vere bonde

– Bakgrunnen til at vi arrangerte ein slik «Flash-mob» var at me ville gjera noko overraskande og nytt no i jordbruksforhandlingane, fortel leiar i Radøy Bondelag, Kari Heggernes Kvammen.

Viktig fokus
– Me i bondelaga vil med dette bodskapet få fram at det er viktig med bønder i Nordhordland. At dei lagar mat til folket her og pleiar kulturlandskapet. Vi vil få fram kor maten kjem ifrå. Det er ikkje alle som veit at det står ein bonde bak mjølka, kjøtet, pølsene og brødet du kjøper på butikken, seier Kvammen.

Les også: Kvar tredje danske bonde truga av konkurs

Ein «flash mob» er ei gruppe menneske som plutseleg dukkar opp på ein offentleg stad, der dei utfører ein morosam eller uvanleg handling.

Handlande såg ut til å setja stor pris på stuntet frå nordhordlandsbøndene.

– Norsk mat, er båd trygg sunn og viktig, seier Heggernes.