SMS fekk fleire til å stemme

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit prøveprosjekt der utvalde veljarar i 27 kommunar fekk to påminningar på SMS før valet i fjor, førte til at fleire unge under 30 stemte. Eit informasjonsbrev til innvandrarar gav også høgare valdeltaking.

LES OGSÅ: – Me er unge, men ikkje uansvarlege

Éin av SMS-ane vart sendt ut før valdagen, mens den andre kom på sjølve valdagane og hadde denne teksten: «Hei! Har du stemt? Dersom ikkje, kan du enno rekke det. Vallokala er opne frå kl. XX til kl. XX i dag. Delta i valet! Helsing val.no». Målt mot ei kontrollgruppe som ikkje fekk desse meldingane, viser forsøket at påminningane fekk fleire unge veljarar til å stemme, melder NRK.

– Det å sende ut desse SMS-ane auka valdeltakinga blant unge under tretti år med fem prosentpoeng, men hadde mykje mindre effekt på eldre, seier forskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning, som stod bak forsøket.

Det vart også sendt ut tre versjonar av eit informasjonsbrev til innvandrarar med stemmerett. Dei hadde ulik effekt, men det som gjorde størst utslag var versjonen som beskreiv den låge valdeltakinga blant innvandrarar og oppmoda mottakaren til å stemme.

– Alle breva inneheldt litt informasjon om korleis ein stemmer og kvifor ein bør stemme, forklarar Bergh.

LES OGSÅ: Her er Jærens yngste veljar