Christina banka på døra til 100 naboar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tenkjer at om berre folk seier «hei» og slår av ein prat, så kan det gjera mykje bra for miljøet, seier Christina Skreiberg på telefon til Framtida.no.

Frilansjournalisten frå Oslo lanserer i dag, onsdag, boka Hei nabo! med eiga fotoutstilling på Oslo Rådhus.

20 heimar
Gjennom seks år har ho invitert seg sjølv inn til over 100 naboar i ei blokk på Tøyen.

Nokre har av ulike årsakar takka nei til å vera med i prosjektet. Andre har opna dørene og sleppt inn den nysgjerrige naboen.

Resultatet er 20 bilete av 20 heimar – og 20 historier frå menneskjer frå heile verda.

Blokkleilegheitene, som alle er heilt like, husar folk frå Afghanistan, Usbekistan, Frankrike. Rødøy, Skien, Karmøy. Etiopia, England, Serbia. Flekkefjord, Inderøy, Trondheim, Indonesia, Romania, Gambia og Latvia. Og Oslo.

For Christina er det viktig å formidla at folk er meir enn ein ser.

LES OGSÅ: – No ser eg kor sterke menneske kan vera

Usnobbete Tøyen
Då Christina flytta heim att til byen sin etter fleire studieår i Aust-London, søkte ho seg bevisst til Tøyen.

– Eg likar godt område som er upolerte og nedpå, som har mangfald og ikkje er snobbete. Tøyen er veldig fint, men det er òg mange utfordringar, ulike livssituasjonar og mange flyttar mykje. Mange av dei som budde der følte ikkje eigarskap til blokka si og det var lukka og slitt, forklarar Skreiberg.

Det lokale engasjementet byrja å brenna. Snart var ho med i burettslagstyret og gjekk inn for å engasjera naboane sine i dugnadane.

LES OGSÅ: Engasjementet gjev han styrke

Nabi frå Afghanistan
Christina hang opp lappar og oppmoda naboane til å ta med seg ein rett frå sitt land. Då over hundre personar dukka opp, skjønte ho at det nytta å gjera noko – og at naboane òg ynskja å ha det fint rundt seg.

Ho haddereflektert over kor veldig like leilegheitene i blokka var, og kor mange ulike folk dei husa. Etter å ha blitt godt motteken av Nabi frå Afghanistan, vart Christina inspirert til å fortsetja.

– Eg har lært at mange syns det er hyggjeleg med kontakt. Eg har lært at ikkje alle vil ha besøk, noko eg berre må respektere. Eg har òg lært mykje om kulturforskjellar. At folk frå ulike kulturar har ulike måtar å møtast på og ulike måtar dei likar å bli spurt om møter på. Nokon eg spurte om eg kunne koma på besøk sa ja fleire gonger, men då eg møtte opp til avtalt tid var dei ikkje heime, noko eg tolka som at dei eigentleg ikkje ville.

Ikkje minst har ho fått bekrefta at det finst utruleg mange fine folk med gode historier, bak alle desse dørene.

LES OGSÅ:– Nordmenn er mykje hyggelegare no

Blokk i storby
Fleire av naboane som kom frå andre kulturar fortalte at det var vanskeleg å bli kjent med nordmenn, noko dei meinte kunne ha med klimaet å gjera. Ein familie frå Afghanistan opplevde at det var mykje lettare å bli kjent med folk då dei budde i ein liten by på Sørlandet.

– Så kanskje det er ei storbygreie, spekulerer Christina.

– I ei blokk kan det vere vanskeleg å bli kjent med naboane, kanskje fordi det kjennest litt upersonleg. Det har nok òg noko å gjera med utforminga, at det ikkje er så mange fellesområde, at det gjerne ligg i ein by og mange bur der i ein kortare periode, trur Christina.

Denne utfordringa kan vere den same – anten du kjem frå Karmøy eller Afghanistan. Ho fekk likevel inntrykk av at dei naboane som ynskte meir kontakt med naboane sine, fekk til dette.

For bak dei mange dørene i ei blokk, sit det mange gode naboar.

LES OGSÅ: Synnøve (19) gjev ut varulvhistorier frå jenterommet