I bunadane våre er det mykje ulltekstilar. Målet er at meir av dette skal vere frå norske sauer.

NPK
NPK

Vi har lange tradisjonar her i landet for bruk av ullplagg både til kvardag og fest. Bruken av ull frå norske sauer i tekstilindustrien har derimot vore lite å skryte av dei siste 40– 50 åra, mykje grunna standarden på innlevert råvare. Men den siste tida er det blitt større merksemd rundt norsk ull. All ull blir no betre klassifisert og strengare sortert etter kvalitet og bonden får betalt deretter. Dess reinare ulla er, dess større blir bruksområdet.

Kles- og møbelstoffindustrien er nemleg avhengig av ruskfri ull, elles er det berre strikkegarn- og teppeindustrien som kan bruke ulla.

Les også: – Pimp bunaden din!

Norsk ull er gull
– Norsk ull er ettertrakta fordi ho er robust, spenstig og med god farge. Vi brukar i dag om lag 40 prosent norsk ull i produksjonen vår. Viss vi skal halde fram med det, og til og med auke innhaldet av norsk ull, kjem heilt an på om kvaliteten held seg stabil og aller helst blir betre, seier teknisk direktør og bunadsansvarleg ved Gudbrandsdalens uldvarefabrik as, Ragnvald Svarstad.

Den tradisjonsrike verksemda på Lillehammer har vore i drift sidan 1887, og har framleis alle prosessane frå ull til ferdige stoff på rull i huset. Med andre ord karding, spinning, farging, veving etc. Slik slepp dei å kjøpe tenester frå andre.

Les også: Trendy med menn i bunad

Rusk og rask
Med ein produksjon i dag på 500.000 meter ullstoff i året er dei bland dei leiande i Europa på møbel- og bunadstoff. Sidan 60-talet har det meste av ulla kome frå New Zealand.

– Grunnen til at vi ikkje har brukt så mykje norsk ull tidlegare, er kvaliteten. Vi bør helst ikkje ha rusk i ulla. Dette går ikkje bort i prosessane våre og tek heller ikkje farge. Då blir det lyse flekker i stoffet. Den einaste måten å få vekk rusket på i den ferdige tekstilen er å bruke pinsett, som er svært tidkrevjande, fortel Svarstad.

Rusket han snakkar om er til dømes gras, tistel, lyng og sagflis frå fjøset etc. Her spelar dei norske beitetilhøva inn. Sauene våre går fritt over alt, frå fjell til fjæresteinar, og i kratt og skog – og dei er i fjøs i vinterhalvåret. Då er det sjølvsagt mykje som kan setje seg fast i ulla.

Les også: Slik får du ordna bunaden – enkelt!

Kvalitetsheving
– No er det gjort eit stort arbeid på ullsortering og klassifisering, så vi kan så smått byrje bruke norske råvarer igjen. Men 2016 blir eit prøveår for om bruken av norsk ull er vellykka eller ikkje, seier Svarstad.

Det er rundt to millionar sauene her i landet som gir frå seg om lag 4.000 tonn ull i året. Norila samlar inn og sorterer 75 prosent av dette på sine sju ullstasjonar rundt om i landet. Fatland ull samlar inn resten ved sine tre stasjonar.

Det meste av ulla blir sendt til vaskeri i England før ho blir klar til bruk, og har då krympa til 3.000 tonn. Norske ullvareprodusentar har førsterett, men berre om lag 25 prosent blir brukt her i landet. Resten blir eksportert til teppeindustri ute i verda.

– Den beste ulla kjem tilbake til Noreg. Det utgjer om lag 750 tonn. Vi brukar i dag nærare 30 prosent av dette, det meste i møbelproduksjonen, seier Ragnvald Svarstad.

Bunad med norsk innhald
Det finst om lag 200 ulike bunader i Noreg og Gudbrandsdalens uldvarefabrik lagar tekstilar til dei fleste av dei og sel stoff mellom anna til husflidar, konfeksjonsfabrikkar og systover rundt om.

– Vi eksporterer lite bunadstoff til utlandet, men kven kundane våre sel til veit vi ikkje. Det finst utanlandske aktørar som har valt å kjøpe norskprodusert stoff for å gjere bunaden sin meir norsk og riktig. Mange av dei kvalitetane som vert brukt i bunad i dag får du ingen andre stader enn i Noreg. Det er derfor greitt for nordmenn å vite at der det er mogleg, er det ofte brukt norske tekstilar sjølv om bunaden vert sydd i utlandet, understrekar Ragnvald Svarstad.

– Det med norsk innhald er viktig for dei aller fleste og den nasjonale identiteten vår blir ikkje mindre viktig med tida. Kor norsk noko skal vere ligg i personlegdomen din og i kva tankar du gjer deg rundt norske arbeidsplassar og «norskprodusert». Økonomi er sjølvsagt avgjerande, men nordmenn har førebels så god økonomi at vi vil halde fram med å kjøpe bunad til oss sjøl, barn og barnebarn ei stund til. Som tekstilprodusent ser vi derfor optimistisk på ei stabil framtid for bunaden, seier bunadansvarleg og fabrikkeigar Ragnvald Svarstad hos Gudbrandsdalens uldvarefabrik.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.09

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE