Skrivekonkurranse om morsmål

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er du mellom 16 og 20 år og glad i å skrive? Skriv ein kronikk med utgangspunkt i temaet morsmål og ver med i ein skrivekonkurranse der vinnaren blir kåra under Dei nynorske festspela 24. juni. Her er både pengepremie og heider og ære å hente.

Morsmål er det første talemålet eit menneske lærer, og blir i dag gjerne kalla førstespråk. Somme brukar morsmålet dagleg heile livet, og klarar seg med det. Andre flyttar til ein annan stad, kanskje eit anna land, og etablerer seg i eit språkmiljø der morsmålet ikkje strekkjer til. Kva konsekvensar kan det få både for sjølvkjensla og identiteten?

­– Ungdom i dag har ulike erfaringar med morsmål, både dei som er fødde i Noreg og innvandrarar og flyktningar. Språk betyr mykje for alle, og vi håpar det kan føre til mange gode refleksjonar rundt temaet, seier programansvarleg for Dei nynorske festspela, Åshild Widerøe.

Det er fjerde året Dei nynorske festspela og Sunnmørsposten samarbeider om ein skrivekonkurranse for ungdom. Deltakinga har vore god dei andre åra og bidrag har kome frå gutar og jenter frå heile landet. I år er sjangeren kronikk, som kan fungere som ei utdjuping av diskusjonar og meiningsutvekslingar i sosiale medium. Teksten skal vere på nynorsk, og ikkje lenger enn 5 600 teikn inkludert mellomrom. Innhaldet bestemmer du heilt sjølv.

Dei tre beste tekstane kjem på trykk i Sunnmørsposten. Ein jury kårar vinnaren, som i tillegg får 5 000 kroner, og blir avslørt på eit eige arrangement under Dei nynorske festspela fredag 24. juni. ­ Juryen som skal vurdere dei innsende bidraga blir sett saman av ein representant frå Ivar Aasen-tunet, ein frå Sunnmørsposten, og ein erfaren skribent/kronikkforfattar.

Ungdom frå 16 til 20 år kan delta i konkurransen og innleveringsfristen er 23. mai.