Eit unisont bryllaupsrop

Framtida
Publisert
Oppdatert 20.11.2017 21:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva for bryllaup er det då? Ikkje framtidsdraumane? Ikkje forventningane? Sommarfuglane i magen, då? Ikkje dei heller?

Nei, det er ikkje eit slikt bryllaup Plan Norge snakkar om. Det er ikkje det lykkelege, sjølvvalte bryllaupet dei bruker tre sider av kampanjemagasinet sitt for å vise oss. Bistandsorganisasjonen vil vise oss ein annan versjon av bryllaup. Eit bryllaup frå den for oss ganske fjerne røynda; den vi ikkje ser, men som vi veit er der. Det er nemleg slik, seier Plan Norge, at ”hver dag står 39 000 jenter barnebrud”.

”Lørdag 11. oktober arrangerer vi Norges første offisielle barnebryllup. (…) Under bryllupet skal vi rope et unisont nei til barneekteskap.” Det dreier seg altså om jenter som blir gifte bort i ein alt for tidleg alder. Kairos for anledninga er eit engasjement i kampen mot barneekteskap i form av ein demonstrasjon. Det er barneekteskapet, røynda og urettferda. Og det er vi, som nordmenn, saman mot ein felles sak, saman om å seie stopp. Allereie her ser ein kontrastane. Det er dei og det er oss. Det er vald og mishandling mot tryggleik. Det er verda, og det er oss. Det er vi som skal handle, det er vi som skal reagere.

Plan Norge vil ha oss med i ein demonstrasjon, dei vil ha oss med som fadrar og dei vil ha oss med i eit ”unisont nei til barneekteskap.” Eit av patosgrepa dei nyttar seg av er vi-et. Det er snakk om ei fellesskapskjensle og ei tilhørsle, samt eit felles engasjement. ”Vi ønsker å få den norske befolkningen med oss på kravet om at verden må gjøre mer for å bekjempe barneekteskap – og at Norge bør lede an.” Det er ”saman- er-vi-sterkare”-grepet, eit veldig vanleg patosgrep. Ein kjem over annonser og reklamar titt og ofte, og fellesskapet blir ofte framheva. Men dette er ikkje ein reklame for den finaste mjølka, eller den finaste bonden, eller den finaste naturen, eller den finaste kva-enn-du-vil. Dette er ei seriøs, viktig og sakleg annonse om ei urettferdig verd. Ei verd som vi nordmenn faktisk er del av, og som vi kan ha innflytelse i. Poenget? Med å spele på fellesskapskjensla, drar annonsørane heile Noreg med seg i eit høgt NEI. Fellesskapet som norm og verdi er med på å legge føringar for våre handlingsval og tankar. Det er diskurs.

Og det er patos. Det er fellesskap, men det er òg ubehag og samvit. For her sit vi, i trygge Noreg. Og vi likar det trygt, vi nordmenn. Ikkje minst har vi det trygt. Bryllaupskaka på side 2, den rosa fargen, den rosa løkkeskrifta. Den mjuke fargen rosa, og den koselege løkkeskrifta. Det er mjukt og det er godt. Det minner oss om ein bryllaupsinvitasjon. Velkommen til alle venner, velkommen til heile Norge. Velkommen til røynda. Erfaringane våre innbyr til dei gode assosiasjonane. Den vidare teksten, bodskapen og faktene strir i mot. ”Husker du hva du drømte om som 12-åring?” Kanskje gjer ein det. Kanskje gjer ein det ikkje heilt likevel. Men det rosa, det idylliske, det gir oss assosiasjonar til dei gode draumane.

Ein les vidare, og draumen blir knust. For ”tenk deg at du som sjetteklassing en dag ble fortalt at du aldri mer skulle gå på skolen, at du ikke lenger kunne leke med vennene dine. At du ikke lenger skulle bo sammen med familien din, men sammen med en fremmed mann som var dobbelt så gammel som deg”. Det er ikkje noko vi vil tenkje. Og det er ikkje noko vi treng tenkje i vår situasjon, i vår tryggleik. Likevel veit vi at nokon må tenkje det, må kjenne det, må leve det. Dei store kontrastane vekkjer ubehag. Vi får dårleg samvit. Vi kjenner på ei urettferd, vi skammar oss nesten for at vi tenkte på festen og kaka og invitasjonen. Og kva gjer dette med oss? Jo, det gjer at vi kjenner sterkare behov for å delta, for å vise engasjement. Vi vil vere gode menneske, vi vil hjelpe. Plan Norge veit kva dei spelar på i oss.

Dei spelar på kjenslene våre, dei vil vekkje det verkjelege engasjementet i oss, det kjensleladde, det ærlege. Dei vil til og med invitere oss i eit oppsett bryllaup. Vi skal få sjå det, kjenne det i magen, erfare det. Og kvifor? Fordi det aukar forståinga vår, det utvidar perspektivet vårt. Barneekteskapet kjem nærare oss. Vi kan ta på det.

 

Kairos inneber ein demonstrasjon, og demonstrasjonen er patos. Ergo er kairos patos. Men det er fortsatt ikkje snakk om den finaste mjølka. Det er ikkje heller snakk om dei finaste moglegheitene eller det finaste livet, den tryggaste forsikringa eller den mest familievenlege bilen. Det er ikkje ein gong snakk om oss sjølv. Det handlar om nokon andre. Det handlar om ei større verd. Ei verd på avstand. Kva gjer ein for å vekkje engasjementet? For det første nyttar ein seg av patos. For det andre av logos. Tala, faktene, statistikken og formuleringane gir oss eit ubehag, som er patos, men òg ein kunnskap. Fornufta kjem inn i biletet, det er logos.

”Hver dag blir rundt 39 000 jenter under 18 år giftet bort. Det tilsvarer 14 millioner jenter i året, eller en vanlig norsk skoleklasse, hvert minutt. Mange av jentene er bare 12 år. Noen er enda yngre.” Her kommuniserer Plan Norge med ei stor mottakargruppe. Det er vaksne og det er ungdommar. Det kan til og med vere 12-åringar. Det same talet blir gitt tre gonger, med tre ulike referansepunkt. 39 000 jenter kvar dag. Kor mange er det eigentleg? Joda, for deg som ikkje heilt såg dette talet, er det altså snakk om ein heil skuleklasse kvart minutt. Eller 14 millionar i året.

Statistikken vil snakke til flest mogleg. Han vil snakke om ei heilt forferdeleg urettferd. Ei urettferd som mellom anna Latifa på 15 år frå Tanzania måtte gjennomgå: ”Ville bli barnelege, ble barnebrud.” Orda stikk i oss. Vi får eit namn, ein alder, eit land, ein draum. Også: ei røynd, ein knust draum. Eksempelet er ein del av argumentasjonen, ein patosrelatert logos, som spelar på både kjensler og fornuft. For det er faktisk sant. Berre spør Latifa. Ho må leve denne sanninga.

Kanskje er det ho vi ser på biletet på same side. Kanskje er det ei anna. Det finst jo så mange. Uansett: det er eit samspel mellom biletet og teksten. Biletet støttar opp om teksten, og gir oss eit konkret bilete på korleis ei av desse jentene kan sjå ut. Og også biletet vekkjer noko i oss. Noko ukjent og gjerne litt ubehageleg. Det er brudekjolen vi kjenner så godt til, det kvite sløret og det fint pynta håret. Men det er noko som skurrar. Mellom forventningane våre, som kulturfilteret og erfaringane legg føringar for, og det vi faktisk ser. For jenta smiler jo ikkje, der ho står og ser rett på oss. Ho ser at vi ser henne. Hei, sjå på meg.

Og vi prøver så veldig å ta inn over oss desse vonde faktene. Men ”hvor absurd er det ikke om en norsk 12-åring skulle giftes bort?” Ganske absurd. Og dette veit Plan. Det er snakk om store kontraster. Også dette kjem klart til syne. Plan Norge kjenner til det kulturelle doxa dei som nordmenn er ein del av. Vår felles forståing av bryllaup. Festen, smila og stemninga som vi har eit bilete av, som er sjølvsagte i vår kultur, som er diskurs. Plan Norge tar utgangspunkt i doxa og diskurs som vi har kjennskap til. Dei går frå det nære til det fjerne. Og frå det fjerne vidare til oss igjen: bidra i kampen, kjære Norge. ”Bli jentefadder i dag og hjelp oss i kampen for jenters rettigheter.”

Vi skal altså engasjere oss saman med denne oss. Denne oss, som er organisasjonen Plan Norge. Og kven er dei? Jo, ein bistandsorganisasjon med gode verdiar og med gode formål. Ein organisasjon for rettferd, solidaritet, engasjement, hjelp. Plan Norge har ein kjend posisjon på førehand. Annonsen var først og fremst ein del av eit kampanjemagasin, sendt i posten til alle medlemmene. Denne mottakargruppa veit kva Plan Norge er, støttar opp om dei og får magasin i posten. Den andre mottakargruppa er lesarane av Dagbladet. Desse mottakarane er gjerne ikkje medlemmer, men dei fleste har likevel kjennskap til organisasjonen. Dette vil ha ein styrkjande effekt på Plan Norge sin etos. Vi veit kven dei er, vi veit kva dei står for – og vi veit at det er godt.

Og om ein er i tvil: ”Med støtte fra faddere og samarbeidspartnere, arbeider Plan systematisk for å stoppe barneekteskap. Vi arbeider på landsbygda, der bryllupene faktisk skjer. Vi jobber opp mot myndighetene for å sikre at jentene har et lovverk som beskytter dem, og vi deltar i internasjonalt forum for at verdens ledere skal reagere.” Dei får støtte, ergo er dei anerkjent. Dei arbeider systematisk, ergo er dei seriøse. Dei arbeider der det skjer, ergo er dei kloke. Dei arbeider for at folk skal reagere, ergo burde vi reagere.

Så reager. Bli med i et unisont NEI. ”Bli jentefadder i dag og hjelp oss i kampen for jenters rettigheter.” Det er en appell om å handle. Er du klar? ”Er du også med på å si #stoppbryllupet?” Generealsekretær i Plan Norge underteiknar stolt. For kven kan seie nei no? Kven kjenner ikkje ubehaget, absurditeten, urettferda, stikket i magen? Yttarst få. Yttarst få.

Det er altså ikkje eit slikt bryllaup. Ikkje eit bryllaup med raude roser og ei smilande brud. Kva for eit bryllaup er det då? Jo, sjå på biletet på første side. Det snakk om små jenter som blir gifta bort som barn. Det er snakk om bryllaup som fører til sjukdom, vald, graviditetskomplikasjonar og død. ”Komplikasjoner i forbindelse med svangerskap og fødsel er den største dødsårsaken for tenåringsjenter mellom 15 og 19 år i en rekke land.”

Dette er altså bryllaupet Plan Norge snakkar om. Ikkje ein draum, men ein knust draum. Bryllaupet som fratar små jenter retten til å vere barn. Plan Norge snakkar om dette bryllaupet gjennom bilete og gjennom tekst, gjennom kontrastane. Dei blandar element frå den kjende og kjære bryllaupstradisjonen vår og den fæle røynda av barneekteskap. Rosa løkkeskrift, festkake, brudekjole. Ord som vald, mishandling, sjukdom og død. Og alt dette for at vi skal kjenne det tettare på kroppen. Målet med kampanjen er å appellere til reaksjon. Målet er å nå ut til oss nordmenn. Og kva trengs då? Jo, det trengs fakta og det trengs fornuft, men det trengs òg dei sterke kjenslene. Det trengs ein nærleik, noko vi kan relatere til. Plan Norge borar seg inn i oss og erfaringane våre, dei gode opplevingane, og endevender dei til noko ubehageleg. Dei spelar på kontrastane og beveger seg frå det nære til det fjerne, både gjennom bilete og tekst. Bistandsorganisasjonen vil vise oss ein annan versjon av bryllaup. Og dei gjer det med glans. For du kjenner ubehaget, absurditeten, urettferda, stikket i magen? Eg gjer i alle fall.

LES OGSÅ: Løgna som redda Rachana frå å bli barnebrud

Faktaboks

I 2015 fekk VG3-elevane på studieførebuande denne eksamensoppgåva i norsk hovudmål. Vilde Amalie Tolo fekk Fridtjov Oos’ legat og karakteren seks for oppgåva si der ho analyserte eit kampanjemagasin frå Plan Norge om barnebruder.

Denne teksten er langsvaroppgåva hennar.

Les kortsvaroppgåva hennar her!

Les intervju med henne her!