I dag er det 30 år sidan Tsjernobyl

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Drone avslører spøkelsesby

Føremiddagen 26. april 1986 eksploderte ein av reaktorane ved atomkraftverket i Tsjernobyl, heilt nord i dagens Ukraina. Ulukka står att som den mest alvorlege atomkraftverkulukka i verda.

Eksplosjonen blåste det 500 tonn tunge reaktorlokket i lufta. 56 menneske døydde i eksplosjonen og av akutte stråleskadar i vekene etter. Det totale talet er opp mot 9000 menneske.

LES OGSÅ:  Har lært osså leve med Tsjernobyl 

Atomkraft i dag
Framleis er mange atomkraftverk i drift. Mange har også tru på atomkraft som ei energikjelde i framtida. På grunn av at atomkraftverk ikkje slepp ut klimagassar og kan produsere store mengder energi, vert dette av somme rekna som eit alternativ til olje og gass.

Motstanden er samstundes sterk, og Natur og Ungdom er blant dei som meiner at norske myndigheiter bør jobbe for ein internasjonal avtale mot både atomvåpen og atomkraft.

– Tida er overmoden for å avslutte atomalderen, skriv Arjo Kvamme frå Natur og Ungdoms Russland-prosjekt i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Drone avslører spøkelsesby ved Tsjernobyl

Kvamme peikar på at det alltid vil eksistere ein fare for alvorlege ulukker.

– På tross av risikoen ved atomkraft, er framleis mange, utdaterte atomkraftverk i drift. Styresmaktene må auke presset på russiske styresmakter for snarleg stenging av utdaterte atomkraftverk, særleg på Kolahalvøya og utanfor St. Petersburg der vi finn dei eldste reaktorane av Tsjernobyl-typen, heiter det i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Kampen om Haldereaktoren

Postcards from Pripyat, Chernobyl from Danny Cooke on Vimeo.