Sogn Avis er Årets lokalavis

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Difor blei dei Årets lokalavis

Laurdag kveld vart Sogn Avis tildelt prisen under landsmøtet til Landslaget for lokalaviser (LLA).

– Utruleg kjekt og totalt uventa. Det var kjekt at juryen framheva vårt nyheitstrykk og god dekning av alle desse kommunane. Dette er ein stor inspirasjon til vidare utvikling av Sogn Avis, seier ansvarleg redaktør Jan Inge Fardal til si eiga avis

Sogn Avis kjem ut fem dagar i veka og dekkjer primært kommunane Vik i Sogn, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster kommune. 

Juryen kallar Sogn Avis ei særs rik og variert avis.

«Avisa har levande debattsider, gode spaltistar og kronikkar og ein fin helgeseksjon. Likevel er ho først og fremst ei mangfaldig og effektiv nyheitsavis med fint nyheitstrykk og god seksjonsinndeling,»ifølgje juryen.

Juryen gav heidarleg omtale til avisene OPP, som dekkjer Oppdal, og Hallingdølen.

LLAs heiderspris gjekk til Ingolv Vevatne, som i si tid tok initiativet til å skipa det som i dag heiter LLA.

Fleire prisar:

► Årets lokalavisside til Kvinnheringen

► LLAs journalistpris til Torunn Akersveen Lid i Hallingdølen,

► Årets lokalavisfoto til Anne Jo Lexander i Askøyværingen

► Marknadsprisen til Kvinnheringen

► Digitalprisen, delt mellom Hallingdølen og Askøyværingen