Den norske bryggjebølgja

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi merka eit skilje i 2012. Då eksploderte det frå ei lita meinigheit til folk flest, seier Petter Nome, direktør for Bryggeri- og Drikkevareforeningen, til avisa Hallingdølen.

LES OGSÅ: Lagar britisk øl på nynorsk: – Det er sexy

Heimebrygg som folkemusikk
I dag har foreininga 109 medlemsbedrifter. Dei store bryggeria dominerer framleis volumet. Øl frå småbryggeria utgjer i dag 4 prosent av det totale ølsalet.

– Men mikrobryggjeria skaper mange arbeidsplassar. Dette er distriktsutvikling i stor stil, seier Nome.

– Dei fleste mikrobryggjeria spring ut av heimebryggjarmiljø. Heimebryggjarkulturen har vandra frå land til land. Ølkulturen har vore gjennom noko av det same som folkemusikken. Når kulturen kryssar landegrensene, oppstår spennande verdsmusikk, seier Nome.

LES OGSÅ: Vulgært å drikke øl rett frå flaska?

Hardarde konkurranse
Dei mange mikrobryggjeria har gitt norsk ølkultur eit stort mangfald. Det finst øl frå det lette lyse til det blytunge og svarte. I fjor vart det produsert 1.500 øltypar ved norske bryggeri, fortel Nome.

Han trur ikkje toppen er nådd heilt enno.

– Om det blir fleire bryggeri, er eit ope spørsmål. Konkurransen har blitt hardare for å etablere seg på denne marknaden. Men eg trur likevel at mikrobrygga har meir å gå på. Eg trur ikkje peaken er nådd før dei har tatt ein marknadsdel på 10 prosent, seier Nome til avisa. (©NPK)

LES OGSÅ: Kan få selja øl rett frå bryggeriet