Lot du deg lure?

Widerøe forbyr snus og VG vekkjer Nettby til live.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag er det akkurat eit år sidan Kvinnegruppa Ottar Grepstad annonserte at dei skulle kjempa mot patriarkatet samstundes som dei sikra nynorsk i arbeidslivet.

I dag er også dagen der Medier 24 kunne melde at VG skal vekkje Nettby til live att, og gjere alle dine gamle bilete og meldingar til live att. Drammens Tidende fortel at politikarane hadde vedteke å stenge Drammen sentrum for bilar, etter at to hemmelegstempla rapportar skal ha varsla om skyhøgt nivå av luftforureining.

Datahjelperne varsla at Facebook innfører månadleg betaling, og Widerøe påsto at dei skulle innføre snusforbod på sine flygningar – grunna sikkerheitsomsyn.

I dag kan ein ikkje stole på nokon… Klarar du å finne aprilspøken her på Framtida.no?