Her kjem Nasjonalt hipstermuseum

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kampen om kvar Nasjonalt hipstermuseum skal lokaliserast, er endeleg over etter mange års strid.

– Me er glade for å annonsera at Nasjonalt hipstermuseum kjem berre nokre få spark med sparkesykkel frå heimegarden til Aasmund Olavsson Vinje, heiter det i ei felles pressemelding frå Kulturdepartementet, Nynorsk kultursentrum og Vinje hipsterlaug.

Hipsterhovdingen fyller 198 år
Trendforskar Brynjar Skjeggestad understrekar den viktige rolla Aasmund Olavsson Vinje har hatt for hipsterrørsla i Noreg.

– Vinje jobba med noko innan media, han var gründer, skreiv dikt og likte å reisa. Dessutan brukte han nynorsk og hadde skjegg. På mange måtar var han ein trendsetjar, fortel han.

Kulturhistorikar Helle D. Yssen trekkjer òg fram trendsetjaren når ho skal skildra Vinje.

– Vinje utgav saman med Henrik Ibsen og Paul Botten-Hansen Noregs første fanzine, det satiriske «Andhrimner», slår ho fast.

Vinje skal ifølgje Yssen òg ha laga Noregs første cortado ein gong han var på Eidsbugarden.

Laurdag er det 198 år sidan hipsterhovdingen blei fødd i Vinje i Telemark.

LES OGSÅ: Her kjem nynorskens Las Vegas

Rural-urban
Når museet står ferdig i 2018, blir det sjølvsagt lokalbrygga øl og heimeroasta kaffi, i tillegg til økologisk kortreist mat. Museet vil òg visa fram skjeggmote frå Vinje og fram til i dag.

Ei eiga utstilling vil dessutan visa fram Vinje sine beste tweets.

Framtida.no har ikkje hatt høve å få kommentarar frå forkjemparane for museum på Grünerløkka i byen der Vinje i mange år budde.

Men ifølgje trendforskar Skjeggestad  er det ei naturleg utvikling at hipstermuseet no kjem til Vinje.

– Bygda er den nye hipsterbyen.

LES OGSÅ: Må grava opp Ivar Aasen

Les også: Kuttar hankjønn frå språket