Melder Westerdals til politiet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskapsdepartementet melder òg til Økokrim at skulen har fått statstilskott etter å ha gjeve uriktig informasjon til styresmaktene.

Dagens Næringsliv skreiv i haust fleire artiklar om Anthon B. Nilsen-konsernet, som blant annan eigar den private høgskulen Westerdals Oslo School of Arts Communication and Technology. Her kom det fram opplysningar som tydde på at den tidlegare skulen Westerdals School of Communication (Westerdals), som no er ein del av den nye høgskulen, hadde motteke statsstøtte for eit tilbod som han ikkje hadde godkjenning for.

LES SAKA: Kunnskapsministeren vil ha full gjennomgang av Westerdals

Krev tilbakebetalt 28 millionar
Kunnskapsdepartementet har gjort grundige undersøkingar av ei rekkje tilhøve i saka. Desse undersøkingane har avdekt at Westerdals School of Communication i perioden mellom 2002 og 2012 fekk statstilskott for eit opplæringstilbod i film og tv utan at han hadde godkjenning for dette.

 − Vi ser svært alvorleg på dette. Skulen har gjeve uriktige opplysningar til både Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet og Lånekassa, og har på feil grunnlag fått utbetalt statsstøtte for studentane på film og tv. Det er dessa pengane vi no varslar at vi vil krevja tilbakebetalt, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Departementet vurderer òg ytterlegare krav.

Krev ikkje pengar frå studentane
Berre elevar som går på godkjende studietilbod, har krav på studiestøtte. På bakgrunn av at skulen har gjeve feil informasjon til Lånekassa, har likevel elevane som gjekk på dei aktuelle linjene fått utdanningsstønad frå Lånekassa.

− Vi ser ingen grunn til å klandra elevane, dei handla i god tru. Vi vil ikkje krevja tilbakebetalt desse pengane frå studentane, seier Røe Isaksen.