Irene Steinbru Ørjasæter har røynt stor sorg dei to-tre siste åra, men også fått nytt liv. Steg for steg går ho nå gjennom livet og tar imot dei gode augneblinkane med dottera, Frida.

Esther Moe, Suldalsposten
Esther Moe, Suldalsposten
Faktaboks

LES FAKTALUKK FAKTA

Først publisert i Suldalsposten.

SOLLYSET TURNAR under det høge kjøkkentaket.

Tulipanane svaiar, fiolette og gjennomlyste over appelsinsbåtane som ligg og glør i skåla. Ho ved bordet vender andletet mot vindauget. Nutane kransar alt kvitt. Vatnet breier seg blåfrose ut frå gråskimrande tre ved breidda.

Februar brenn blått. Det brånar i alle kantar.Den smale snødekte vegen som sneglar seg bortover vika, rundt odden og opp til huset hennar, er blitt mjuk av sol. Rundt steinane på langgrunna ved piren, sprekk isen opp med blanke brotflater.

TO ÅR ER GÅTT sidan sist. Då var mannen hennar, Rune og natur-lidenskapen hans, målet for besøket. Det var fredagsettermiddagen før søndagen då veslejenta deira skulle døypast, og langvegsfarande foreldrebesøk var så vidt innanfor dørene. Han hadde invitert likevel. Den gong var ho ute og trilla mens mannen let journalisten få vita at han
var dødssjuk. Endå ein tur blei det, me måtte avslutta samtalen, og me måtte ut i skogen. Til fuglekassane

DET BLEI SISTE VÅREN hans. Midt i juni døydde Rune av kreftsjukdommen. På kyrkjegarden stod Irene, med jenta si på armen og tok imot bygdefolk, vener og slekt ved grushaugen i den vakre sommardagen. Roleg og rett, andletet nesten utviska, men med smil og venleg nærvær til rekkja av menneske som såg ut til å aldri
å ta slutt. Det var ikkje slutt med det. Straks etterpå kom beskjeden om at far hennar, Arne, var farleg sjuk. I november døydde han etter eit kort sjukeleie.

KVA VEG går det gjennom eit slikt landskap?

Korleis går det an å bevara seg sjølv?

Er det ein annan som kjem ut? Finst det eit “ut”, er alt for alltid forandra?

– RUNE OG EG var nok ikkje så flinke til å snakka så djupt alltid. Mest var me nok berre i kvardagen. Frida var jo viktig fokus. Men kreftsjukepleiaren var ei me fekk snakka med saman og som ikkje var redd for å gå nær oss. Det var fint. Fint og viktig.

IRENE OG RUNE fall for kvarandre, men var ikkje to alen av ganske samme stykket. Han hadde all verdas tid og lente seg gjerne godt tilbake, ho likar plan og framdrift. Når han gjekk på tur, var pausane målet, mens ho gjerne kan nyta å gå til eit mål utan allslags matstyr og stoppar. Eit breitt smil sprekk opp og blir til boblande
latter mens ho fortel.

– Når han føreslo tur, visste eg jo korleis det kom til å bli. Sitja under eit tre og venta og venta med han hysjande for å høyra og sjå fuglane. Ho held fingeren foran ein munn ho prøver å snurpa saman til eit hysj midt i låtten.

– OG NÅ har eg også enda opp der. At eg tar det med ro på tur. Med Frida må eg jo det. Ho må gå sjølv, og eg går med. Når me står oppi skogen her og eg fortel henne at her likte pappa å vera, ser eg at ho lyttar. At ho likar det eg seier. Frida er i barnehagen, i den samme som mor arbeider i, men på ei anna avdeling. Fredagen arbeider Irene halv dag, og då er det gjerne mormor som hentar veslejenta om ettermiddagen. Så får Irene litt tid for seg sjølv.

DEI TO møttest i 2006. Han; ein kul fotballfyr med snus i lomma og tatoveringar, eit uregelmessig verb i kyrjelyden der han var forsongar. Ho; ei ung, roleg kvinne med bakgrunn frå bedehus, utan synlege teikn til opposisjon mot noko.

– De to var ikkje heilt samme stilen..

– Du meiner, eg framstår som ganske kjedeleg. Det glimtar lynraskt under eit smil på andre sida av bordet.

– Rune var annleis. Spennande. Veldig god til å gi klemmar. Det blei oss.

ÅRET ETTER gifta dei seg. Han var også blitt forelska i suldalsnaturen, og då Irene i 2008 fekk arbeid i barnehagen i Erfjord, flytta dei heim. Først i leigd husvære på Suldalsosen. Tomt og byggjeløyve på draumestaden i Kvilldal gjekk i orden, i 2012 begynt dei på så smått på tomta. Irene blei endeleg og mirakuløst gravid på første prøverøyrsforsøk. Magesmertene til Rune blei stadig verre og meir intense. Sommaren 2013 rann godt og vondt inn
i ei stri elv for dei to.

– RUNE TULLA med at det sikkert var kreft han hadde. Eg huskar eg synest det var gale å seia slikt, men han likte typisk å tulla litt galgenhumoristisk. Han hadde rett. Etter det dei ei stund fekk tru var ein vellukka operasjon som hadde fjerna det farlege, fekk dei etterkvart vita sanninga.

DEI FLESTE av oss lever med erkjenninga av døden som ein litt fjern idé der framme ein gong.
Kva skjer med livet når avslutninga teiknar seg midt i det? Når døden er med i bilen på ferieturen til Ålesund. På kjøkkenet med kaffikoppen medan fuglane kvitrar i eit tre utanfor. Berre månader før han døydde, var Rune framleis like oppslukt av livet. Går det an å tora å leva når ein med hovud og kropp veit at slutten ikkje er så langt unna?

– EG ER IKKJE ei sånn som må setja meg inn i alt. Ho smiler svakt på andre sida av bordet.

– Me levde roleg og ganske vanleg, det var ikkje sånn at me snakka så voldsomt mykje om sjukdommen heile tida. Rune var opptatt av å vera der for meg og Frida, mange gonger hadde han nok veldig mykje meir vondt enn det han viste.

EIT GODT og trygt jobb-miljø med forståelsesfulle kollegaer har vore og er viktig for Irene. Både nå og medan sjukdommen stod på. – Eg har fått kopla ut, i barnehagen kan eg få tenkja heilt andre tankar. Det er ingen som masar, men eg veit at dei bryr seg, det er veldig godt, takkar ho, som er utdanna førskulelærar frå NLA i Bergen. Framleis jobbar ho i halv stilling. Ho skulle gjerne arbeidd fullt, men slit med bekkenet. Både fødselen og sorga har sett seg fast der som ei smerte og ei hindring. Kroppen og psyken er eitt.

– EIN DAG OM GONGEN, det er det som gjeld. Eg har Frida, og eg har huset som står her eg er heime. Det hadde vore ein heilt annan situasjon for meg utan det. Det var far Arne som stod på og hjelpte dei med huset. Verandaen og kjøkkenet står og minner henne om han. Tårene renn fritt når ho snakkar om eit dødsleie der det blei rom for eit varmt farvel og dei ord som trongst.

– Eg har vore i ei boble, utan krefter til å sjå rundt meg. Eg kjenner at eg begynner å bli klar for å ta steget ut, erkjenner ho, som fortel om dagar som går til arbeid, aketurar med Frida, barne-tv.

– Eg kan bli så rørt av barne-tv, berre nokon gir kvarandre ein klem, ler ho, vel vitande om at veslejenta nå er på veg inn i ei tid der fleire spørsmål vil komma.

REV, UGLE, mor, pappa, kan jenta seia når dei to står oppe i skogen og ser på fuglekassane Rune plasserte ut.

– Frida veit at pappa er i himmelen, men ho begynner også å forstå meir av kva ein pappa er. Då nokre vener av oss var gått, der det var ein far med, slo ho frampå om at pappa kanskje kunne komma hit til oss etter at han hadde vore i himmelen.

I KVARDAGEN er det dei to. Med middagen, om morgonen, om kvelden. – Utan mor, hadde det aldri gått, smiler dottera, som nesten ser bort til mor sitt hus lenger inne i Kvilldal. Ho har ein trygg liten krins rundt seg; på Bakka, hjå Magnhild og Lars er der alltid folk. Der kan ho innom utan å senda melding først, der er høner og katt som Frida kan fryda seg over. Det var dit ho søkte då ho stod utan nokon på eittårsdagen til Frida. På veg til faren sitt sjukeleie i Haugesund, fekk ho undervegs kontrabeskjed og melding om at han ikkje kunne besøkjast. På Bakka blei burdagsfeiringa berga for dei begge.

– EG PRØVER Å NYTA augneblinken kvar dag. Når du har eit lite barn, blir du vekt på same tid uansett. Eg må la dagane gå, eg kjenner sjølvsagt saknet etter den andre å snakka med, dela med. Spesielt når noko nytt skjer med Frida, då saknar eg det blikket over bordet som bekreftar. Når du går slik og er stille og berre har tanken og ikkje samtalen, blir du ikkje heilt kjent med deg sjølv, det kan vera vanskeleg å vita og kjenna seg sjølv alltid.

HO RETTAR seg opp, tankefull, andletet ope og lyttande.
Kor hentar ho denne freden frå?

– Eg har ei tru på at det finst ein far der oppe, ein far som har kontroll.

– Men du er ikkje skjerma?

– Eg er ikkje skjerma, men eg trur at Han har alt i sine hender og veit og ser.

INGEN KAN VITA korleis ein reagerer når det verste skjer, tenkjer ho, som trur at roen i Rune også smitta over på henne. – Eg trur Rune ser meg, ser Frida. Eg trur han ser og forstår, og eg tenkjer at han lar meg få vera menneskeleg, slik eg er.

SOLA HAR KOMME langt på kvelvinga over fjellkransen. Ho strekkjer på ryggen, snart kjem mor med Frida frå barnehagen. Ho tilstår leande at tv og sofa er ein sterk favoritt når kvelden kjem, og litlejenta er i seng.

– Eg har mista dei to viktigaste mennene, men ja, det er sant at eg har eit godt liv. Eg tar ein dag om gongen, og eg veit at det er eg som må ta dei vidare stega ut.

Les saka i Suldalsposten!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08
ANNONSE