Norske dokumentarfilmar til Nord-Amerika

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hot Docs er på linje med IDFA, ein av dei viktigaste dokumentarfilmfestivalane i verda, og det er gledeleg at så mange produksjonar er invitert, noko som også viser at norske dokumentarfilmprodusentar arbeider bra internasjonalt, seier Toril Simonsen, fagleiar for kort- og dokumentarfilm i utlandet ved Norsk filminstitutt.

Dei fem norske dokumentarfilmane som er inviterte til Hot Docs i Toronto er Brødre, Dugma, The Crossing, Dans for livet og Mot Nord.

LES OGSÅ: – Vi skal døy, kva vil du gjere med livet ditt?

Innhaldet i dei fem filmane spenner vidt. Medan Aslaug Holm i filmen Brødre følgjer dei to sønene sine gjennom oppveksten, får vi innblikk i førebuingane til sjølvmordsbombarar i Syria i filmen Dugma av Pål Refstad.

The Crossing handlar om ei gruppe syriske flyktningar på flukt frå Syria til Europa. I filmen Dans for livet av Erlend Mo møter vi tolv år gamle Vilde frå Gransherad i Telemark som dansar halling og som håpar at dansen og livsgleda hennar skal gjera den kreftsjuke bestefaren hennar frisk.

Den femte filmen, Mot Nord, av Jørn Nyseth Ranum frå Valdres, er ein kort-dokumentar om nokre av dei beste skatarane i Noreg som utfaldar seg på ei frosen sandstrand i Nord-Noreg. Filmen skal også visast på Tribeca filmfestival i New York i slutten av april, fortel Norsk filminstitutt.

LES OGSÅ: – Det er dei små augeblinka ein hugsar