Willoch: – Vi må lære av historia

Framtida
– Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det sa tidlegare statsminister Kåre Willoch (H) då han steig på talarstolen under Næringskonferansen Søre Sunnmøre i Ørsta kulturhus torsdag.

Sunnmørsskryt
Willoch er kvart sunnmøring, og slekta på morssida er frå Saure ved Bjørke. Ifølgje Willoch har banda til Sunnmøre sett preg på han sjølv. Og han var full av lovord om regionen i føredraget sitt.

– Eg meiner at dette har vore den mest dynamiske delen av norsk økonomi sidan Harald Hårfagres tid.

Willoch gav forsamlinga ein skikkeleg historietime, og tok føre seg kapitalismens utvikling heilt tilbake til då Adam Smith grunnla ideologien i 1776. Bodskapen hans var klar: Krisene har ikkje kome på grunn av eit feil med prinsippa i kapitalismen, men på grunn manglande styring.

Treng styring
– Adam Smith var moralfilosof, og antyda aldri at vi kunne overlate kapitalismen til seg sjølv. Det vi treng er fri konkurranse kombinert med myndigheiter som følgjer med og ein velferdsstat, sa Willoch, og viste mellom anna til den manglande reguleringa av finansnæringa i USA før finanskrisa i 2008.

– Overdriven kjærleik til pengar er rota til mykje vondt, sa han i ei omskriving av Paulus sitt første brev til Timoteus.

Den frie marknaden passar heller ikkje overalt, ifølgje Høgre-veteranen Willoch.

– USA har eit privat helsestell. Likevel brukar dei dobbelt så mykje på helse som Storbritannia og Skandinavia, og levealderen er kortare.

Miljøavgifter
Den elles så blå politikaren argumenterte også for fleire avgifter, og tok til orde for å avgiftslegge forureining tyngre.

– Det vil skyte fart i både bedrifter og forskarar si evne til å finne fram til meir miljøvennlege løysingar, meinte Willoch.

Han retta også eit stikk mot utviklinga i oljebransjen dei siste åra.

Han gjekk også hardt ut mot at store selskap plasserer pengane sine i skatteparadis, og tok til orde for ein global skatt på finanstransaksjonar.

– Det burde bli forska meir om den statlege politikken i Noreg medverka til overekspansjonen vi har sett i oljesektoren dei siste åra.

LES SAKA I MØRE-NYTT!