Gapet mellom dei lukkelege og dei ulukkelege i verda aukar

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er det mest lukke i verda

Nordmenn skal vere dei fjerde lukkelegaste menneska i verda. Det hevdar forskarane bak World Happiness Report.

Det er tredje versjon av rapporten, der ei gruppe forskarar på oppdrag frå FN undersøker korleis det står til med den globale lukka. Dei har rangert 156 land etter det kor lukkelege innbyggjarane er.

LES OGSÅ: Falsk lukke på Facebook

Større gap i lukke i verda
I lukkerapportane er lukke og velvære rekna som dei viktigaste indikatorane på utvikling. Tanken er at å måle lukke gir eit betre bilete av korleis det står til i eit land, enn kva separate målingar av inntekt, helse og sosial kontekst kan gi.

Bak analysen står ekspertar innan blant anna økonomi, psykologi, helse, politikk og kvantitative analysar.

Dei finn at gapet i lukke har auka i verda, og at folk som bur i land med lite ulikskap i lukkenivå, i snitt er lukkelegare sjølv.

LES OGSÅ: Lett å glede

Dette kan seie noko om kva politikk som fremjar lukke og velvære på tvers av land, skriv forskarane. Mellom anna antydar dei ein samanheng mellom berekraftig utvikling og lukke. Land som er nærare å nå FNs berekraftsmål, har nemleg også lukkelegare innbyggjarar.

Slik måler dei lukke
Lukke kan ikkje målast, meiner nokon. Forskarane gjer likevel eit solid forsøk, basert på faktorar som BNP per innbyggjar, sosial støtte, helse, fridom til å ta eigne val, gjevmilde og korrupsjon. Også spørsmål knytt til tillit til andre og til styresmaktene, politisk deltaking og demokratiske rettar er evaluert.

Rapporten er mellom anna basert på spørjeundersøkingar der folk sjølv evaluerer liva sine. Respondentane rangerer kor tilfredse dei er med liva sine. I tillegg vert dei spurt om positive og negative kjensler, og i kva grad dei føler at dei har eit mål eller ei meining i livet.

Førestill deg ein stige, med nummerete trinn frå 0 i botn til 10 på topp. Toppen av stigen representerer det beste moglege livet du kan leve, og botnen av stigen representerer det verste moglege livet for deg. På kva trinn i stigen føler du personleg at du står på noverande tidspunkt?

(Spørsmål for å måle subjektivt velvære, Gallup World Poll, 2016, vår omsetjing)

Tala er henta frå ei rekkje ulike kjelder, mellom anna Gallup World Poll (2016), Verdsbanken, World Development Indicators (2015) og Verdas helseorganisasjon.

LES OGSÅ: Derfor gret du av lukke

Lukke i Bhutan
Den internasjonale dagen for glede vart lagt til lista av FN-dagar i 2012. Initiativet kom frå Bhutan, eit land som tek lukke svært alvorleg – sjølv om dei kjem heilt nede på 84. plass i lykkekåringa.

Bhutan har lenge fremja ideen om brutto nasjonallukke som eit betre mål på ståa i landet enn brutto nasjonalprodukt (BNP).

I sine eigne undersøkingar har Bhutan mellom anna funne ut at menn i snitt er lukkelegare enn kvinner og at dei unge og ugifte er blant dei lukkelegaste i landet. Munkar og offentleg tilsette er blant dei lukkelegaste arbeidstakarane i landet, medan arbeidsledige er lukkelegare enn både tilsette i privat sektor, husmødrer og bønder.

Her kan du sjølv lese lukkerapporten.

Rapporten vart publisert i høve den internasjonale dagen for glede, sundag 20. mars.

LES OGSÅ: Å glede andre er god musikk

Kjelde: «World Happiness Report 2016 Update», av The Sustainable Development Solutions Network (SDSN).  

Faktaboks

I desse 10 landa er folk lukkelegast:

1. Danmark
2. 
Sveits
3. 
Island
4. 
Noreg
5. 
Finland
6. 
Canada
7. 
Nederland
8. 
New Zealand
9. 
Australia
10.
 Sverige

I desse 10 landa er folk minst lukkelege:

148. Madagaskar
149. Tanzania

150. Liberia

151. Guinea

152. Rwanda

153. Benin

154. Afghanistan

155. Togo

156. Syria

157. Burundi