Publikumsprisen til «Kampen om fjordane»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Publikumspris til fjordkampen

Søndag vart den 15. europeiske dokumentarfilmfestivalen på Cinemateket i Oslo avslutta. Festivalen kan jubla over ny publikumsrekord med 3.160 besøkjande. Det er i snitt 105 publikummarar per førestilling.  

I løpet av fem dagar har publikum fått sjå tolv norske og elleve utanlandske filmar.   

Av alle desse stemte publikum fram «Kampen om fjordane», som sin favorittfilm.

Filmskapar Vigdis Nielsen har følgt Synnøve Kvamme (22), leiar i Hardangeraksjonen og Naturvernforbundet Hordaland, som er villig til å gå i fengsel for å redda fjella og naturen i Hardanger frå monstermastene.

Kampen om fjordane / The Fight for The Fjords – Teaser (long version) from Hardingfilm on Vimeo.

«Human»
I alt elleve filmar var teke ut til konkurranseprogrammet.

Den franske dokumentarfilmen «Human» av Yann Arthus-Bertrand fekk juryen sin hovudpris.

Den verdenskjente meisterfotografen var tilstades under visninga laurdag, men hadde reist heim då prisen vart delt ut.

– Filmen som får årets Eurodok-pris er ein hyllest til livet og ei mektig skildring av kva som einar oss som menneskje. Filmskaparane har samla unike personlege historier til tusenvis av menneskjerog med eit fantastisk visuelt språk tek dei oss med på ei reise verda rundt. Resultatet er ei storslagen, vakker og ettertenksam historie med mange stemmer, som til saman seier noko om kva det vil seia å vera menneskje. Vinnarfilmen engasjerer på eit djupt menneskeleg plan, seier juryen i si grunngjeving.

Vinnaren jubla over filmen sin første pris, som kom på filmskaparen sin eigen 70-årsdag.  

– Det er ekstra hyggjeleg at den kjem frå Noreg, eit land som gjer så mykje for andre og som står som eit symbol for så mange land, seier prisvinnaren, ifølgje pressemeldinga.

Filmen kjem på norske kinoar i april.

Svensk individualisme
«The Swedish Theory of Love» av Erik Gandini fekk heiderleg omtale av juryen.

– Filmen rettar blikket mot individualismens bakside og reiser mange viktige spørsmål om kva me mistar i vår jakt etter fridom og sjølvstende. Filmen kan vera eit verdifullt bidrag i den offentlege samtalen om kor vi står og kor me er på veg.

Det meiner årets jury, som var sett saman av journalist og dokumentarfilmskaper Benjamin Ree, filmskapar og produsent Cecilie Bjørnaraa, og Sharam Alghasi, mediesosiolog fra Universitetet i Oslo og førsteamanuensis ved Høgskolen Kristiania.

Vinnarane av Eurodok-prisen og Publikumsprisen fekk eit originalt kunstverk av den norske filmskaparen, musikaren og multitalentet Kim Hiorthøy.