Rekordmange unge vil jobbe i Sogn og Fjordane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekordmange vil jobbe i Sogn og Fjordane

1020 søknader kom inn etter at Framtidsfylket lyste ut 19 traineestillingar i Sogn og Fjordane.

Talet er nær ei dobling frå i fjor, då 550 søknader kom inn, fortel Firda.

– Eg er mållaus! Dette syner at vår langsiktige satsing på å synleggjere fylket våre og karrieremoglegheiter i fylket har lukkast, seier dagleg leiar Gro Rukan i Framtidsfylket, som er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering. Rukan trur òg ein usikker jobbmarknad kan ha spelt inn på søkjartala.

Framtidsfylket arrangerer karrieremesser i Bergen, Oslo og Trondheim for å freiste nyutdanna med jobb i fylket. I år kom 75 prosent av søkjarane frå andre stader i landet. Fjord1 og Sparebanken Sogn og Fjordane har dei høgste søknadsbunkane, med 103 og 101 søkjarar til éi stilling i kvar verksemd, ifølgje Firda. (©NPK)

LES OGSÅ:Eliminerte seg fram til Jølster