Rekordår for Allkunne

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– 2015 vart det beste året i Allkunne si historie, seier ansvarleg redaktør og dagleg leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og legg til: – Vi publiserte rekordmange artiklar og nådde rekordmange lesarar.

Allkunne er det einaste redigerte nettleksikonet i Noreg på nynorsk. Allkunne AS er eit heileigd dotterselskap av Nynorsk kultursentrum og har kontor i Ivar Aasen-tunet. Nettstaden opna i 2009 og i 2015 fekk Allkunne ny utsjånad og nyoppussa nettstad. Betre menyar, enklare søkefelt og integrert søk i Nynorskordboka gjorde Allkunne meir brukarvenleg.

– I 2015 publiserte Allkunne Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane i sin heilskap med 7000 artiklar og 14 000 bilete. Til saman har vi no om lag 22 000 kvalitetssikra artiklar innan ei rekkje fagområde: biografiar, politikk, jus, litteratur, musikk og scenekunst, naturvitskap, historie, geografi og religion, seier Rotevatn.

Allkunne vart i 2015 også tilrettelagd digitalt hjelpemiddel for eksamen i vidaregåande skule.

Allkunne har aldri hatt større vekst og aldri hatt fleire brukarar enn i 2015. Allkunne.no er no  største nettstaden i Nynorsk kultursentrum, med ein auke i unike brukarar på nær 40 prosent, samanlikna med året før. Allkunne er det største norskspråklege leksikonet på Facebook.

– Allkunne skal ha faktaartiklar om det folk er opptekne av og vi skal vere aktuelle. Difor har vi kvalitetssikra artiklar om alt frå kommunereform i Noreg til presidentkandidat Donald Trump, seier Rotevatn.