Bunadskledd motstand til Eurodok

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmen er ein av dei tolv norske dokumentarfilmane som skal visast under Eurodok-festivalen i Oslo 9.– 13. mars. Men først skal filmen til Førde.

LES OGSÅ: Nok ein trongsynt energiminister?

Kvamme vart landskjend da ho som bunadskledd leiar for kampen mot kraftmastene i Hardanger vart arrestert og stilt for retten for sivil ulydnad og bøtenekt. Filmen følgjer kampen hennar mot den omstridde kraftlinja, ein kamp som byrjar som naturvern og utviklar seg til ein kamp for demokrati, ifølgje produksjonsselskapet Hardangerfilm.


Arrestasjonen av bunadskledde Synnøve Kvamme vart sjølve symbolet på mastemotstanden i Hardanger. Dokumentarfilmen «Kampen om fjordane» er éin av tolv norske filmar på dokumentarfilmfestivalen Eurodok, som byrjar i Oslo neste veke. Foto: Hardangerfilm

– For meg var det viktig å sjå historia frå Hardanger og vise korleis folk her opplevde vedtaket og prosessane etterpå, seier regissør Vigdis Nielsen, som sjølv kjem frå Ulvik i Hardanger.

Torsdag 3. mars kjem ho saman med Synnøve Kvamme til Førde for å vise filmen i samarbeid med Natur og Ungdom og Naturvernforbundet. Der blir det òg debatt. Fredag 11. mars er det Eurodok-premiere i hovudstaden.

LES OGSÅ: Krev frifinning etter masteaksjonar

Sjå trailer for dokumentarfilmen:

Kampen om fjordane / The Fight for The Fjords – Teaser (long version) from Hardingfilm on Vimeo.