Bursdagsbarn i særklasse

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skotårsbarna er spesielle. Ved årsskiftet var det berre 3.492 personar her i landet i alderen 4 til 104 år som hadde fødselsdag denne datoen, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Dei andre dagane i året er det i snitt 14.143 nordmenn som har bursdag.

LES OGSÅ: Difor krympar både våren og vinteren

Babyboom etter sommarromantikk
Det er likevel stor skilnad på kva som er den mest og minst «populære» fødselsdagen. Ifølgje SSB er det 5. mai som toppar statistikken med 16.203 personar. 1. april følgjer på andreplass med nesten like mange bursdagsbarn.

På bursdagstoppen finn vi også mange andre vårdatoar. Det tyder på at mange nordmenn har kome til verda etter at sommarromantikken slo til.

I motsett ende tronar julehelga med dagane, 24., 25, 26. og 27. desember, med andre juledag på jumboplass. Denne dagen er det 11.446 nordmenn som fyller år.

Kor mange personar må du spørje før du treffer to personar som er fødd same dato? Lær om bursdagsparadokset hjå ABC Nyheter.

Eigen kategori
Skotårsdagen er likevel i ein klasse for seg. Det store fødselsåret for nolevande skotårsbarn var for 28 år sidan. Til saman utgjer dei 229 personar. I år er det sjuande gongen dei kan feira fødselsdagen sin på skikkeleg vis.

Skotårsbarna som blei fødde for 32 år sidan – 213 personar – følgjer like bak på andreplass. På tredjeplass kjem 195 personar som blei fødde for 52 år sidan. Men som skotårsbarna er dei framleis for tenåringar å rekna. I år er det nemleg trettande gongen fødselsdagen deira er med i kalenderen.

Mark Foster, frontfigur i bandet Foster The People, er fødd 29. februar 1984. Det betyr at 32-åringen i år feirar sin åttande bursdag.

Sjå deira mest populære musikkvideo her:

Innskoten dag
Grunnen til vi får ein ekstradag kvart fjerde år, heng saman med kalenderen vår og kor lang tid jorda brukar på å gå rundt sola. Jordkloden går nemleg eit kvart døgn raskare rundt sola enn det kalenderen vår viser. For å jamna ut dette blir det lagt til ein dag ekstra kvart fjerde år. Viss ikkje, ville årstidene etter kvart kome heilt i utakt med kalenderen.

Det var Julius Cæsar som innførte ordninga med skotår i den julianske kalenderen i år 46 f. Kr. Når skotårsdagen hamna i slutten av februar, kjem det av at februar var den siste månaden i den eldre romerske kalenderen.

Det skulle likevel visa seg vanskeleg å koma fram til ein kalender som var nøyaktig nok. Ordninga med skotår har difor blitt justert i den gregorianske kalenderen som vi brukar i dag – og som er den mest brukte kalenderen internasjonalt. Alle kalendrane har likevel halde fast på skotårsdagen i slutten av februar.

LES OGSÅ: Brudepar giftar seg andre stader enn i kyrkja

Dagen for jentefrieri
I eldre tid var det knytt mykje overtru til skotårsdagen. Slike år blei gjerne sett på som noko unormalt og skremmande.

Men dagen er også knytt til meir positive skikkar. Ein av dei mest kjende er at skotårsdagen er den dagen jentene kunne fri. Dersom mannen ikkje kunne møta jenta med dei same kjenslene, kunne han redda seg unna ved å gje henne tolv par hanskar som vederlag.

Fleire søk på nettet tyder på at skotårsfrieri framleis er populært. Om du trur du har møtt mannen i ditt liv og han ikkje forstår kva du vil, har du i år sjansen til å ta saka i eigne hender på skotårsdagen 29. februar. Neste skotårsdag er ikkje før i 2020.

Sjå musikkvideoen til Jennifer Lopez og bursdagsbornet Ja Rule: