Maria Parr i selskap med Mette-Marit

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette var veldig stort, og eg vert veldig audmjuk når eg ser kven som har fått han tidlegare, seier forfattaren, som er busett på Sunnmøre, til Sunnhordland.

Ho vart nemleg annonsert som vinnar av prisen onsdag, og er no i selskap med mellom andre Kronprinsesse Mette Marit, Hanne Sophie Greve og Astrid Nøklebye Heiberg.

Teater
Maria Parr er kanskje mest kjent for sin bøker «Vaffelhjarte» og «Tonje Glimmerdal», bøker som også har vorte til TV-serie. Seinast sist haust var ho festivalforfattar under den nynorske barnebokfestivalen «Falturiltu» på Stord, og i morgon torsdag, har oppsetjinga «Vaffelhjarte» premiere på Haugesund Teater.

LES OGSÅ: Dette meinar ungdommane på Stord om Maria Parr

I neste veke er det duka for oppsetjing av «Tonje Glimmerdal» på DNS i Bergen.

– Eg skulle svært gjerne ha fått med meg premiera i Haugesund, men det let seg diverre ikkje gjera. Eg er nemleg heime i mammapermisjon med ein liten baby, seier Parr.

Eigen evne
Johannes Hjelland, som er styreleiar i Foreininga Tora Mostrastong, er full av lovord om Parr. I grunngjevinga skriv dei mellom anna at Parr gjennom sitt forfattarskap, har «har bore fram vår kulturarv både gjennom språk og innhald». I tillegg skriv dei at ho, gjennom bøkene sine, «har synt korleis kommunikasjon gjennom generasjonane kan fremja livskvalitet.

LES OGSÅ: Endeleg vart ho heidra  

– Ho har ein egen evne til å kommunisera på tvers av generasjonar, seier Hjelland, som har opplevd at bøkene til Parr er veldig populære blant barn og unge.

Historia
Forfattaren sjølv gler seg no til å komma til Moster i slutten av mai. Der skal ho både halda foredrag og ta i mot prisen. Det skjer under Toratreffet i Amfiet på Moster.

– Kva forhold har du til historia om Tora Mostrastong og Håkon den Gode?

– Det er eit mangelfullt forhold, må eg innrømma. Me eg gler meg til å setja meg meir inn i den spennande historia, seier ho.

Les saka i Sunnhordland!

Faktaboks

Tora Mosterstong (norr. Þóra Morsturstöng), òg kalla Thora Mostaff, var ei frille av Harald Hårfagre. Saman med Harald Hårfagre fekk ho sonen Håkon den gode (Hákon Aðalsteinsfóstri), som var konge i Noreg om lag 935–961. Han vert rekna som eit uekte barn, av di Tora ikkje var gift med Harald Hårfagre.

Tora Mostrastong-prisen skal delast ut til ei kvinne som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats – lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Styret for prisen vil i si vurdering leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, og innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar.