Lønning er Årets bygdeprofil

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kåra til Årets bygdeprofil

Årets bygdeprofil er Bygde-Norge sin heiderspris. Den har vore utdelt kvart år sidan 2004.

Tidlegare vinnarar er mellom andre Odd Nordstoga, Therese Johaug, Danskompaniet Frikar, Oddgeir Bruaset og Yasmin Syed.

HLB sin rektor er veldig glad for å ha blitt stemt fram som Årets bygdeprofil i Norge. Dei seks nominerte var plukka ut frå mange forslag av Nationen sin redaksjon. I heile februar har ein kunna stemma på sms og på Nationen sine heimesider.

Lønning er den første akademikaren som har vunne denne tittelen. Dette er han særleg stolt over:

– I mine bøker og populærvitskaplege tekstar prøver eg å skriva til eit breiast mogleg publikum utan å gå på akkord med fagkunnskap. Det er rom for langt meir fagleg tyngde og kunnskapsbaserte tekstar også i denne sjangeren. Min erfaring er at folk set pris på dette, seier Lønning i ei pressemelding.

Han har mellom anna skrive fleire tekstar på Framtida.no.

LES OGSÅ: Frå forbrukarsamfunn til ansvarssamfunn

Dag Jørund Lønning er særleg opptatt av lokal involvering og eit meir deltakande samfunn.

– Dei siste åra har «deltaking» blitt eit stadig viktigare ord for meg. Det går diverre feil veg. Me går mot eit mindre deltakande samfunn. Mange menneske står med ryggen mot veggen og føler på at eiga røyst betyr lite. Ekspertane får større makt, det blir meir sektorisering, avstand mellom menneske og makt aukar.

Lønning skriv no på ei bok om ny verdigrunnlaget for ein ny landbrukspolitikk. Boka er planlagt utgiven til hausten på Orkana forlag.

– Også her står deltaking og involvering i fokus. Basisen for framtidslandbruket er kreative og skapande menneske som trivst og ønskjer å bu der ressursane faktisk er – rundt i bygde-Noreg. Det er deira mangfaldige idear som skal føra bygdene våre inn i framtida. Då må kreativitet og nyskaping heiast og dyrkast fram. Landbruket i Noreg har hatt mangfald som styrke (sjølv om det byrjar å røyna på med den politikken som blir ført no), og dette er vår fremste ressurs også for framtida. Fellesskapet har mangfaldige behov, og landbruket kan levera på langt fleire av desse. MEN, skal me lukkast må me ha ein heilt annan grad av lokal involvering og eigarskap. Gårsdagens og dagens landbrukspolitikk har vore veldig mykje ovanfrå og ned, morgondagens må bli nedanfrå og opp med sterk forankring i sterke lokalsamfunn og engasjerte menneske.

Elles likar jo rektoren særs godt å snakka om HLB:

– Eg håpar at denne tittelen og profileringa den gir vil gje oss endå meir vind i segla. Det å vera liten i ei tid der alt skal bli størst mogleg er ikkje berre lett. Det blir lagt hindrar for dei små over alt. Samtidig har me ein veldig styrke i solid forankring som samvirkeselskap med mange eigarar (Europas einaste samvirkeorganiserte høgskule). Studentane våre er også veldig engasjerte og kunnskapsrike og fagstaben landets beste på vårt felt. Forskingsinnsatsen og oppdragsaktiviteten har auka veldig dei siste åra. Men me ønskjer oss enno langt fleire studentar.