Desse kan bli Årets festival

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Tysnesbladet.

Namna på dei fei fem finalistane vart offentleggjorde i går kveld.

Neste veke vert det klart om Tysnesfest stikk av med tittelen som årets festival.

LES OGSÅ: Festivalar skaper store ringverknadar

I lag med dei fire andre kandidatane Audunbakken, Blåfrost, Pstereo og Øya, tevlar no Tysnesfest om den gjeve tittelen.

Det er organisasjonen Norske Konsertarrangører (NKA) som står for kåringa, og medlemer av NKA får høve til å røysta fram vinnaren, som blir kåra på Parkteatret den 4. mars.

I fjor var det Trondheimsfestivalen Pstereo som vart kåra til årets festival.

Norske Konsertarrangører (NKA) har sidan 2001 delt ut kollegaprisar til flinke arrangørar i medlemsmassen. Utanom prisen for årets festival, kårar dei og vinnarar innan kategoriane årets heilårsarrangør, årets konsertplakat, årets konsertbilete og årets nykommar. Nytt av 2016 er at festivalane nominerer seg sjølve til kåringa.