Ny varmerekord i januar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det opplyste US National Oceanic and Atmospheric Administration denne veka. Gjennomsnittstemperaturen ved jordoverflata låg 1,04 grader høgare enn snittet for januar på 1900-talet.

Dermed vart den førre rekorden frå 2007 slått. Januar var den niande månaden på rad med rekordvarme, og gjennomsnittstemperaturen for heile 2015 var den høgste sidan målingane begynte på 1880-talet.

Årsakene til dei høge temperaturane det siste året reknar ein med er vêrfenomenet El Niño og menneskeskapt global oppvarming. (©NPK)