Fleire smitta av syfilis, gonoré og klamydia

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Auke i syfilis, gonoré og klamydia

– Noreg er dårlegast i Europa til å bruke kondom. Og det er berre kondom som verkar mot kjønnssjukdommar, seier Kari Haugen, helsesyster ved Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS) til NRK.no, som først omtala saka.

Fagfolk er klare på at kondombruk, samt meir og lettare tilgjengeleg testing er dei viktigaste tiltaka for å redusera smitte.

LES OGSÅ: No får du målungdom-kondom

Klamme klamydia
I 2014 registrerte ein 24.810 klamydiasmitta.

Klamydia er framleis den klart vanlegaste seksuelt overførbare seksuelle sjukdommen i Noreg.

Mikroben som forårsakar betennelse i urinrøret er enkel å behandla med antibiotika, men ubehandla kan sjukdommen føra til sterilitet for kvinner og svangerskap utfor livmora.

Snikande syfilis
Mange trudde kanskje at syfilis var ein sjukdom som høyrte 1700-talet til, men tal frå Folkehelseinstituttet viser at sjukdomen er på veg opp att.

I 2005 vart det berre registrert 24 tilfelle av syfilis i Noreg. Ti år seinare er sju gonger så mange personar i Noreg smitta.

Det er ein beskjeden nedgang frå 2014, då 189 syfilistilfelle vart rapportert.

Syfilis er ein seksuelt overførbar bakteriesjukdom, som på eit tidleg stadium kan behandlast med penicillin. Ubehandla syfilis kan potensielt vere livstrugande, eller få alvorlege konsekvensar som demens eller blindheit.

Sjukdommen er vanlegast blant menn som har sex med menn. Sjukdommen kan òg smitta frå mor til born, dersom den gravide er smitta.

Gamle gonoré
Gonoré var svært utbreidd på 70-talet, men har minka kraftig sidan den gong.

Sidan 2011 har gonorétilfella i Noreg auka jamt og meir enn dobla seg.

På same måte som syfilis og klamydia vert gonoré behandla med antibiotika, men utan behandling kan betennelsane som bakterien forårsakar spreie seg til andre delar av kroppen.

Dei siste ti åra har ein òg sett ei auke av hepatitt B-smitta.

Faktaboks

Talet på smitta:

Klamydia: 19.963 (2005), 24810 (2014)

Gonoré: 278 (2005), 838 (2015)

Kronisk hepatitt B: 573 (2005), 795 (2015)

Syfilis: 24 (2005), 162 (2015)

Kjelde: Meldingssystem for smittsomme sykdommer (MSIS) ved Folkehelseinstituttet.