Vil ikkje ha varig røysterett for 16-åringar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ikkje varig røysterett for 16-åringar

Fleire i formannskapet i Ørsta kommune stilte spørsmål ved kvifor 16-åringane i Ørsta skal få røyste ved folkerøystinga om kommunesamanslåing 19. mai.

Denne saka var først publisert i Møre-Nytt.

– Kva er grunngjevinga for at vi skal gi 16-åringane røysterett, undra Marit Aklestad (SV).

LES OGSÅ: Ungdommane i Ørsta skal få røyste om kommunesamanslåing

Paul Kristian Hovden (KrF) stilte det same spørsmålet.

– Det er banebrytande å gi dei røysterett. Vi har ein myndigheitsalder på 18 år. Har vi gode nok grunnar til å seie at 16-åringane skal få røyste? Eg spør ikkje for å vere negativ, men det er prinsippet, sa han.

Eldar Øye frå administrasjonen i Ørsta kommune seier at ein av grunnane er føringar frå fylkesmannen.

– Kommunesamanslåing er viktig for framtidas generasjonar, og det er ønske om å høyre flest mogeleg. Det er ikkje intensjonen at dette skal verte norma ved lokalvala seinare. Dette er ei konkret setting og eit konkret spørsmål som angår også dei unge, sa Øye.

Per Are Sørheim (H) seier at dei i Volda alt har vedteke å gi 16-åringane røysterett 19. mai.

– Det kan ikkje vere slik då at dei unge får seie sitt i Volda, men ikkje i Ørsta. Dette er eit framtidsvedtak, og det er eit viktig poeng å ha med seg, meiner eg.

LES OGSÅ: Her stemmer 16-åringen