Kvitter seg med 400 tilsette.

NPK-NTB
NPK-NTB

Sidan byrjinga av januar er det blitt klart at posten skal kutte om lag 450 stillingar. Stadig kjem nye kommunikasjonstenester. I korta ligg det at postbodet etter kvart kan forsvinne.

I siste utgåve av Posthornet seier konsernsjef Dag Mejdell i Posten at han trur det siste postbodet kan ha gått sin siste runde innan dei neste 15 til 25 åra, skriv Dagsavisen.

No tenkjer Posten på om postboda kan tilby andre tenester i framtida.

– Folk vil heilt sikkert ha behov for å få levert ting heim eller til jobben, kanskje vil det bli meir pakker og vareleveransar, seier kommunikasjonsdirektør i Posten Elisabeth Gjølme til avisa.

Det vil komme fleire endringar i Posten framover, blant anna skal A- og B-post bli til eit nytt todagars framsendingstilbod. Dessutan har Samferdselsdepartementet utlyst ein konkurranse om kven som skal overta ansvaret for distribusjon av aviser på laurdagar der det ikkje er ordinære avisbod.

Då internett for alvor vart tilgjengeleg for folk flest, var det byrjinga på slutten for postbodordninga vi kjenner. Talet på årsverk for postboda har gått frå 10.000 i 1999 til drygt 6.000 i dag.

I år 2000 vart det selt rundt 2 millionar frimerke. Sidan den gong har aktiviteten dalt og frimerkesalet er i dag halvert. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07
ANNONSE